Hopp til innhold

– Håper Kristiansund overlever i eliteserien

Sist Kristiansund hadde eit lag på øvste nivå i fotball var i sesongen 1950/51. Då blei det éin siger og nedrykk. Tidlegare NRK-kommentator og levande fotballeksikon Arne Scheie trur det vil gå langt betre denne gongen.

Arne Scheie om Mjøndalen

Arne Scheie var kommentator for NRK i fire tiår og er kjent for å ha eit nesten fotografisk minne om norsk fotball.

– Det blei berre éin siger i 50/51-sesongen, då mot Selbak, erindrar Scheie.

Kristiansund Fotballklubb var oppe i éin kort sesong på 50-talet. Dei vann opningskampen 3–1 mot Selbak, men to uavgjort og berre tap etterpå gjorde at det blei nedrykk. No, ein kort mannsalder seinare, har Kristiansund igjen eit lag i toppdivisjonen med KBK.

1. Divisjon fotball 2016. Jerv-Kristiansund 1-1. Christian Michelsen

Scheie trur KBK-trenar Christian Michelsen kan klare å sikre ny eliteseriekontrakt for den nyopprykka klubben.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Eg er heilt sikker på at det kjem til å gå mykje betre no enn i 50/51-sesongen. Kristiansund har hatt to gode lag sidan den eine sesongen på femtitalet, men først no har byen endeleg eit lag tilbake i toppdivisjonen.

Samarbeidet mellom Clausenengen og Kristiansund Fotballklubb i KBK har gitt resultat, og 13 år etter oppstarten i 2003 blei det opprykk. I 2017 skal dei ete kirsebær med dei store – først ut mot Molde laurdag.

Utruleg fylke

Scheie har trua på at KBK kan bli det tredje laget frå Møre og Romsdal som etablerer seg på øvste nivå i nyare tid. Molde klarte det i si tid, før AaFK klarte det for drygt ti år sidan. Berre at tre lag frå Møre og Romsdal er i same divisjon meiner Scheie er ei bragd.

– Det er imponerande, rett og slett. Bergen hadde mange lag i Hovudserien i ein periode, det same hadde Trondheim og Oslo. Dette var derimot på 50- og 60-talet, no er vi i 2017 og Oslo har berre eitt topplag. Det fortel noko om kor godt det blir arbeidd i Møre og Romsdal, meiner Scheie.

Om KBK klarer å etablere seg blir Scheie likevel ikkje overraska. Han trekk linjer til Magnar Isaksen og bronselaget i Tyskland-OL i 1936 til Øyvind Leonhardsen og Ole Gunnar Solskjær i nyare tid.

– Det er utruleg mange gode spelarar som har komme frå Kristiansund, slår Scheie fast.

– Spesielt for Solskjær

Han dreg Solskjær fram som den ekstra spesielle – også no laurdag.

Ole Gunnar Solskjær

Scheie trur det blir ein spesiell kamp for kristiansundaren Solskjær.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Det blir nok spesielt for han. Når Kristiansund no endeleg er oppe så kjem han som trenar for rivalen og konkurrenten i Molde.

Scheie trur at det at det er lokaloppgjer vil setje ei ekstra stemning i kampen.

– Sidan det er lokaloppgjer og opningskamp, samt første kamp i eliteserien for KBK, har eg tippa 1–1 som resultat. Det kjem til å bli intenst, spennande og relativt få mål, trur Scheie.

Uansett resultat håper han KBK kan halde seg.

– Eg håper Kristiansund overlever i toppdivisjonen, det hadde vore veldig hyggeleg for heile Nordmøre, avsluttar NRK-veteranen.