Hopp til innhold

Saum for verdas største vikingskip

Ein smed frå Sykkylven har sin fulle hyre med å produsere handsmidde naglar - eller saum - til verdas største vikingskip.

Video Saumproduksjon for verdas største vikingskip

Ein og ein nagle må smiast - ti tusen slike skal det bli.

Draken Harald Hårfagre

Draken Harald Hårfagre skal bli 35 m lang.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Draken Harald Hårfagre blir 35 meter langt, og skal haldast saman av handtverk frå Sunnmøre.

Ti tusen naglar skal smeden lage. Dei skal brukast til å bygge eit av av de største vikingskipa som har segla på havet.

Smeden Olav Blakstad synes det er stort å være med på dette arbeidet.

Unik ordre

Olav Blakstad

Olav Blakstad meiner han har fått eit ærefullt oppdrag.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Det er ein unik ordre, og det var nærmast som å bli frelst då eg fekk den, seier Blakstad.

Draken Harald Hårfagre skal sjøsettast våren 2013. Båten blir 35 meter lang og får 50 årepar. No er skipet under bygging i Rogaland. Berre dei beste handverkarane får vere med på prosjektet.

Haugen med saum og spikar veks for kvar dag, eit halvt års tid skal dei halde på før ordren er levert.

Sjå video over.