Hopp til innhold

Satsing gir overskot

Knallhard satsing på effektivisering og design gir overskot for Sunnmørske møbelbedrifter.

Knallhard jobbing med design og produktutvikling har ført til overskot for møbelbedrifta Brunstad i Sykkylven. Den norske møbelbransjen er pressa frå mange hald, men fleire sunnmørske produsentar jobbar på spreng for å kunne lukkast.

UNDER PRESS: Den norske møbelbransjen er pressa frå mange hald, men fleire sunnmørske produsentar jobbar på spreng for å kunne lukkast.

Siste dagen før fellesferien startar, går arbeidet for fullt på Brunstad Møbler i Sykkylven. Administrerande direktør i Brunstad Møbler, Reidar Mjelde, fortel at det må til for å få unna alle bestillingane.

– No har vi eit stort trykk med mange ordrar i juni, og no er det jo berre timar att til ferien, men det ser ut som om vi skal klare å få ut siste rest.

Effektivisering

Reidar Mjelde

Reidar Mjelde vil gjerne vise at det er mogleg å lukkast i møbelbransjen.

Foto: Berge Myrene / NRK

Det siste året har møbelbedrifta effektivisert, noko som betyr at dei 94 tilsette produserer 20 prosent meir enn i fjor. Det sikrar arbeidsplassar i ein bransje prega av oppseiingar og utflaggingar.

– Møbelindustri har i mange år blitt sett på som ein solnedgangsbransje. Det som er viktig for meg og oss i Brunstad er å motbevise dette, og vise at det faktisk er mogleg, seier Mjelde.

– Vi ser jo at det vi komme med allereie i år og det vi har lansert for hausten og neste år, har blitt svært godt motteke. Dei nye produkta våre er mellom dei som sel best.

Eigne butikkar

Full fart er det også ved Slettvoll Møbler i nabobygda Stranda. Administrerande direktør ved Slettvoll Møbler, Kristine Landmark, fortel at dei no treng nye hender til produksjonen.

Kristine Landmark

Kristine Landmark fortel at Slettvoll Møbler på Stranda ligg betre an no enn i fjor.

Foto: Berge Myrene / NRK

– Vi har hatt eit fabelaktig år så langt, og ligg 14 til 15 prosent føre fjoråret. No søker vi etter eit par arbeidarar som kan byrje hos oss frå hausten av.

Slettvoll har satsa på eigne butikkar over heile landet, Landmark fortel at det har gitt gode resultat.

– Når vi då eig heile kjeda, heilt ut til sluttkunden. Så har vi moglegheit til å innreie og styre butikkane slik vi vil, i tillegg til at vi kan auke kompetansen i butikken på våre produkt og møblar.