Hopp til innhold

Satsar vidare på barnehagekrok

Garderobekroken vart til etter ei tragisk ulykke. No skal ungdom hjelpe Rauma-bedrifta i marknadsføringsarbeidet.

Torbjørn Hjelden

– Grande ser fram til å samarbeide med innovasjonselevar ved Romsdal vidaregåande skule, seier dagleg leiar Torbjørn Hjelden.

Møbelprodusenten Grande i Innfjorden i Rauma har opplevd stor interesse for kroken som skal redusere risikoen for tragiske kvelingsulykker i barnehagar.

Garderobekroken vart til etter ei tragisk ulykke i 2014. Ein gut miste livet i Blindheim barnehage i Ålesund.

– Barnehagane byrja å skru ned dei tradisjonelle garderobekrokane sine. Det var då vi tenkte at det måtte vere råd å få til eit alternativ, seier dagleg leiar Torbjørn Hjelden i Grande Fabrikker i Innfjorden i Rauma.

Barnehagekrok

Slik ser han ut, kroken som skal hindre kveling i barnehagar.

Kroken er slik at det kan hengast lette ting på han. Om det blir meir enn normal belastning, så løysnar kroken frå festet.

– Vi har selt nærare 5000 krokar til no. Men vi føler at potensialet er langt større, seier dagleg leiar Torbjørn Hjelden.

No inviterer dei ungdom til å delta i den vidare satsinga. Grande har inngått ein samarbeidsavtale med Romsdal vidaregåande skule i Molde. Dei skal lære av kvarandre. På fredag skal dei ha ein flytande workshop på Fjord1-ferja Moldefjord.

– Vi håper å klekke ut gode idear og verkemiddel for å gjere garderobekroken godt kjend i barnehagane i landet, seier Torbjørn Hjelden.