Trass i nedgangstider for arkitektar og ingeniørar, satsar Norconsult i Kristiansund. Det nasjonale konsulentfirmaet har kjøpt opp fleire lokale arkitekt- og ingeniørbedrifter og opna eit kontor i sentrum med 15 tilsette.
Det betyr at Hilde Wilmot og Sverre Sevaldsen som for nokre tiår sidan jobba i Arkitektkompaniet, i dag er ein del av eit stort og tungt nasjonalt selskap. Slik er utviklinga, og dei er glad for å vere med.
– Det er mange strukturendringar og krav vi treng å bli dyktigare på. Berre det å slå oss saman og kunne tilby eit tverrfagleg tilbod i ein byggeprosess er ein styrke, seier Sevaldsen.
Han ser fram til å utvikle selskapet vidare.
– No har vi berre hatt tre veker saman, men vi har så langt hatt stor glede av dette tverrfaglege arbeidet, seier Sevaldsen.
- Les også:
– Variert bakgrunn er ein styrke
Med seg på laget har arkitektane mellom anna fått med seg ingeniørar med brei bakgrunn frå VVS, elektro og geoteknikk. Ei nødvendig utvikling, meiner Sevaldsen.
– No har det blitt så krevjande innkjøpsprosessar, spesielt på offentlege oppdrag, at dette vil vere ein styrke, seier han.
Sevaldsen fortel at det er viktig for dei å vere stor, men at dei også skal vere lokal.
– Vi meiner at det er ein styrke vi har. Hovudsatsingsområdet vårt er dette fylket og denne regionen her, seier han.
- Les også:
Opplever ein oppgang
Trass i nedgang i andre bransjar opplever Norconsult oppgang.
– Arkitektbransjen er så konjunkturutsett at vi allereie har merka ein oppgang no etter nyttår. Frå ein ganske stille haust til at det no røyrer seg meir, seier Sevaldsen.
– Eg vil ikkje seie at vi har nådd vendepunktet, men det er ikkje så stille som det var før jul, så det synest vi er positivt. Vi er veldig glad for at Norconsult tør å satse akkurat no når det er såpass tørt som det er, seier Hilde Wilmot.
Ole Bævre er nytilsett dagleg leiar i Norconsult i Kristiansund. Han kom frå jobb i Pipelife i Surnadal og gler seg til å ta fatt på jobben.
– Det finst absolutt moglegheiter for framtida. Dette er både interessant og spennande. Marknaden har i alle tider svinga opp og ned, og sjølv om det er ein nedtur no vil det heilt sikkert svinge opp igjen, seier Bævre.
- Les også: