Satsar stort på ridderost

No blir det satsa stort på ridderosten frå Tresfjorden, og med eit anlegg til 26 millionar kroner er ysteriet i Tresfjorden den største satsinga på spesialost Tine nokon sinne har hatt.

No blir det satsa stort på ridderosten frå Tresfjorden, og med eit anlegg til 26 millionar kroner er ysteriet i Tresfjorden den største satsinga på spesialost Tine nokon sinne har hatt.

SJÅ SAKA: Tine satsar på ridderosten som har blitt ysta i Tresfjorden.

Kasper Appel Pedersen, produksjonsleder Tine Meieriet Tresfjorden

FESTDAG: Produksjonsleiar i Tine Meieriet Tresfjord, Kasper Appel Pedersen, er nøgd med storsatsinga, og seier opninga var ein festdag for dei tilsette.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er ein festdag for alle oss på Tine Meieriet Tresfjord. Dette er noko me har jobba lenge med, så dette er me nøgde med, seier Kasper Appel Pedersen som er produksjonsleiar i Tine Meieriet Tresfjord.

Han og fleire andre tilsette på meieriet i Tresfjorden i Vestnes kommune kunne feire i dag, for no var det endeleg klart for å slå eit slag for ridderosten som har vore ysta i Tresfjorden sidan i 1969.

Storsatsing

Med eit 400 kvadratmeter stort anlegg, til 26 millionar kroner, så er det den største satsinga Tine har hatt på ein spesialost.

Opna nytt meieri i Tresfjorden

FEKK OPNE: Per Ivar Berg som er konsernsjef i Tine fekk æra av å klippe snora i det nye meieriet i Tresfjorden.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Ridderosten har eit kjempepotensial i seg, og det er klart at me ynskjer at ridderosten skal bli enno større i det norske marknaden. Då er det heilt rett å investere i anlegget her, seier Per Ivar Berg som er konsernsjef i Tine.

Meieriet i Tresfjorden er eit av ti meieri i Noreg som Anne Siri Høiland som er direktør for. Desse produserer spesialostar, og dei produserer mellom anna gamalost, pultost, kvitmuggost, og blåmuggost.

Anne Siri Høiland og Per Ivar Berg

PÅ OPNINGA: Anne Siri Høiland som er direktør for Tine sine spesialprodukt og Per Ivar Berg som er konsernsjef i Tine var til stades i Tresfjord under opninga av det nye meieriet i Tresfjorden.

Foto: Roar Strøm / NRK

I Tresfjorden blir det også produsert andre ostar enn ridderosten.

– Me har «Port salut»-en som også er ein veldig god ost, og så har me ein spesialost som bli levert til nokre hotell, og det er ein geitost som er produsert på Storsteinnes, men som modnast her, seier Anne Siri Høiland som er direktør for Tine sine spesialprodukt.

Produserer på halv kapasitet

Geir Andersen som er meierisjef for Tine Meieriet Tresfjord er nøgd med anlegget, og seier det no blir lettare å produsere ridderosten.

Geir Andersen, meierisjef Tine Meieriet Tresfjord

LETTARE: Geir Andersen som er meierisjef for Tine Meieriet Tresfjord seier det blir lettare å produsere ridderost i det nye meieriet.

Foto: Roar Strøm / NRK

– No har me mykje betre plass. Det er lagt meir til rettes for blant anna reinhald, og det er betre arbeidsforhold for dei som jobbar her, seier Andersen.

Likevel blir det i startfasen i det nye anlegget ikkje produsert meir enn halvparten av det som det er kapasitet til å gjere.

– Det er fordi produksjonen er tilpassa salet me har per i dag, og så har me til rettes for å kunne auke produksjonen. Me samarbeider med marknadsavdelinga og håpar på at me til slutt skal kunne produsere mykje meir, seier Høiland.

– Me har lite eksport i dag, så me konsentrerer oss om det norske marknaden, seier ho.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.