Hopp til innhold

Satsar stort på krill

Kjell Inge Røkke har brukt ein milliard kroner på å bygge krill-båt, som no er klar for Sørishavet. For første gong er det bygd ein båt spesiallaga for å fiske krill i Antarktis, og den 130 meter lange båten signaliserer at Aker Biomarine vil satse stort på dette. Dei ser også store moglegheiter i å utvikle nye produkt av krill. – Krill er verdas største biomasse. Vi har utvikla teknologi for å kunne fange og ta vare på den råmassen på ein berekraftig måte, seier Matts Johansen, administrerande direktør i Aker Biomarine.

Kjell Inge Røkke har brukt ein milliard kroner på å bygge krill-båt, som er klar for Sørishavet. Aker Biomarine ser store moglegheiter i å utvikle nye produkt av krill.