Det er Shanghai Offshore Oil Shipping, Sinopec, som har bestilt skipet som er designa av Havyard i Herøy og har propellar frå det Volda-baserte Scana-selskapet. Sunnmøringane jublar over kontrakten med det kinesiske reiarlaget.
– Dette var ein svært prestisjefylt kontrakt for oss. Kinesarane ynskjer vanlegvis å nytte seg av eigne verft. At vi no har fått selt eit Havyard-design frå Norge og Fosnavåg til ein kinesisk reiar som skal byggje skipet utanfor Shanghai er berre heilt fantastisk. Og når propellane til fartyet i tillegg er frå naboane i Volda, så viser det berre den kollosale styrken i den maritime klynga på Sunnmøre, seier direktør Gunnar Larsen i Havyard.
Det er første gong at design frå Havyard er blitt seld til eit reiarlag i Kina. Den kinesiske økonomien er i sterk utvikling, og Kina satsar stort på oljeutvinning til havs. Havyard arbeider no med fleire kontraktar med kinesiske reiarlag.
– Vi snakker faktisk om ein kontrakt med den største produsenten og leverandøren av raffinerte oljeprodukt i Kina, seier Larsen.
I dag presenterer Havyard og Scana skipa sine på messa Marintec 2011 i Shanghai. Messa har 55000 kvadratmeter med utstillingsareale der omlag 1500 selskap frå nær 30 land er representerte.
– Det er utruleg mykje spennande som skjer innan offshore-næringa i Kina. Og det er utruleg morosamt at den vesle maritime klynga på Sunnmøre er ein del av denne utviklinga, seier salgs- og marknadsjef Kirsti Gjørvad i Scana Volda.