Løvenvold kino har vore stengd i eit halvt år, etter at det vart oppdaga asbest i lokala. Kommunen har brukt tida til å bytte ut asbesten i taket, men har i pussa opp kinoen. Mellom anna har dei kjøpt nytt lerret, oppgradert utstyr for filmframsyning og bytta ut stolane i salen.
Kinosjefen seier det framleis står att ein del arbeid, men at det etter alt å døme vert premiere på den nye James Bond-filmen fredag.