Hydrex leverer hydraulikk- og røyrsystem på skip og offshore-installasjonar. Sidan starten i 2006 har bedrifta hatt oppdrag både i Noreg og i land som Frankrike, Japan, Spania og Kina. Dette skjer midt i den maritime klynga, med store verft og maritime bedrifter som Rolls-Royce, Ulstein og Vard.
Oppdraga har stått i kø, bedrifta har vore nøydd til å gå til utlandet for å hente arbeidskraft. I dag er 80 prosent av arbeidstakarane frå Polen. Dei andre er frå Noreg, Danmark, Sverige og Finland.
No sviktar ordreinngangen frå oljenæringa og verfta. Då er tida inne for å sjå på land. Der finst det framleis oppdrag.
– Ja, slik tidene er no må vi snu oss. Vi var tungt inne på Vard Langsten, og der blei det svært stille ved påsketider. Då det stilna av i verftsindustrien måtte vi tenkje nytt., seier Tor Egil Valldal i Hydrex.
I mai oppretta selskapet ei ny avdeling i Oslo som driv med ventilasjon. Denne avdelinga har no 7–8 tilsette. I tillegg er opp mot 15 tilsette i arbeid med sprinklaranlegg på bygningar. Til saman arbeider no opp til 23 arbeidarar for Hydrex i Oslo-området.
– Vi sende nedover eit par mann i eit par veker. Så fekk vi beskjed om at vi berre måtte sende nedover resten. Skipsarbeidarar er som poteta; dei kan brukast til alt, skrattar Valldal.
I sommar måtte 200 tilsette gå frå Rolls-Royce Marine sitt anlegg i Hjørungavåg. Dei siste dagane har hundrevis av tilsette i Aker Solutions fått beskjed om at det ikkje er meir arbeid til dei. Fleire nybygde offshoreskip har gått rett i bøyene.
Dette er berre nokre eksempel på kor hardt den maritime krisa slår inn. Men Valldal seier at dei som arbeider på skipsverft er vant til å utføre svært forskjellig arbeid. å leggje rør på skip og på land er, ifølgje Valldal, arbeid som liknar svært mykje på kvarandre.
– Det blir på mange måtar innan same bransje, seier han.
Valldal trur det kan vere lurt for fleire liknande bedrifter å sjå mot land når det er oppdragstørke i den maritime industrien. Han viser til at styresmaktene kan kome til å setje i verk ei form for motkonjunkturpolitikk.
– I dårlege tider forserer styresmaktene ofte bygging av offentlege bygg som skular og sjukehus. Det er ikkje dumt å orientere seg mot det området. Vi tenkjer no langsiktig innan sprinklaranlegg, rør og ventilasjon på land.