Hopp til innhold

Satsar på landbasert oppdrett i Fræna

Romsdalsfisk AS skal kjøpe eit større industriareal på Indre Harøy i Fræna. Planen er å bygge opp eit anlegg for landbasert oppdrett av laks og aure.

Avtalen mellom Romsdalsfisk og Fræna kommune blir signert.

Varaordførar Jan Arve Dyrnes, rådmann Anders Skipenes, styreleiar Per Olav Mevold, næringskonsulent Geir Tore Vestad og administrerande direktør Kristoffer Reiten signerer avtalen.

Foto: Pressebilde

Planen er at Romsdalsfisk AS skal kjøpe området på Indre Harøy der Viken Pukkverk AS driv i dag. Denne drifta blir avslutta i løpet av komande år, når det er slutt på steinressursane.

Difor har Romsdalsfisk og Fræna kommune i lengre tid forhandla om dette området, som er på 120 dekar.

Partane har inngått ein opsjonsavtale, og er også samde om kva kjøpsavtalen skal innehalde. Tidlegare har kommunen fått utarbeidd ei ekstern prisvurdering som verdset arealet til mellom 450 og 600 kroner per meter.

Kan bli eit tyngdepunkt

– Med tanke på storleiken på området, god tilgang på sjøvatn av god kvalitet og tilgang til eit etablert kaianlegg, er eg svært tilfreds, seier styreleiar Per Olav Mevold i Romsdalsfisk.

I nærleiken er også fiskerihamna utvida, og det er anna fiskeindustri i området, som dermed kan danne eit tyngdepunkt for marin næringsverksemd i Midt-Noreg.

– Fræna kommune vektlegg utviklinga av marin næringsutvikling og matproduksjon sterkt, seier rådmann Anders Skipenes, som er glad for semja dei har kome fram til.

Han kjem til å legge saka fram for plan- og økonomiutvalet om ei veke, medan endeleg politisk godkjenning eventuelt blir gjort i kommunestyret mot slutten av månaden.