Malene Liavaag og Hilde Kristin Thomassen fekk karakteren "meget godt bestått" på fagprøva dei tok nyleg. I løpet av sine seks år i bedrifta har ikkje HR-sjefen aldri opplevd noko liknande.
Dei to ambisiøse jentene seier dei er perfeksjonistar.
–Det er alltid noko som kan forbetrast, seier Thomassen.
Jentene har vakse opp nær kvarandre i Hjørungavåg i Hareid kommune og har vore ved Kleven i fleire år som lærlingar og no altså med fagprøver.
Dobbel fagprøve
Malene, snart 21 år gammal, har gått fire år TAF (Teknisk, allmennfaglig utdanning) og tok fagbrev i industrimekanikarfaget.
Malene Liavaag tok fagprøve med sterkt resultat.
Foto: Arne Flatin / NRKHo vart tilsett som fagarbeidar i 2016 og melde seg då opp i fagprøve nummer to i industrirøyrleggarfaget etter eitt år som fagarbeidar. Ho har no søkt om studiepermisjon og satsar på å verte ingeniør innan industriell design.
Hilde Kristin er 21 år gammal. Ho har gått to år som lærling og tok fagbrev i industrimekanikarfaget. Ho valde å ta eit ekstra år som lærling/fagarbeidar og tok fagprøve nummer to innan industrirøyrleggarfaget. Ho har fått jobb i bedrifta på robotlinja i det som heiter automatisert produksjon.
Hilde Kristin Thomassen tok fagprøve med sterkt resultat.
Foto: Arne Flatin / NRKFleire jenter
Monica Nipen seier verftet håper å få inn fleire jenter som lærlingar i framtida. Kleven Verft har dag fire jenter blant lærlingane og tek inn to nye jenter til hausten.
–Vi har eit ønskje om å knyte til oss fleire kvinner, slik at vi etter kvart også får kvinner i leiande roller i vår produksjon, seier Nipen til NRK.