Hopp til innhold

Satsar på jobbmesser for å minske arbeidsløysa

NAV vil ha fleire ut av arbeidsløysa og arrangerer jobbmesser for å skape kontakt mellom arbeidsliv og folk som søker arbeid.

Arbeidsledighet

NAV arrangerer jobbmesser for å få fleire arbeidsledige tilbake i arbeid.

Foto: Meek, Tore / SCANPIX

Nyleg møtte nærare 600 arbeidssøkjarar eit tjuetals bedrifter i Molde, og i mars var det duka for jobbmesse i Ålesund. Tysdag står Kristiansund og Nordmøre for tur.

Marknadskontakt i NAV, Kamilla Brunvoll, håper slike jobbmesser kan hjelpe mange.

– Vi ønsker å skape ein arena der vi kan skape relasjonar mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, seier ho.

Skape relasjonar

Nav håpar at jobbmessene dei no gjennomfører kan få mange i arbeid.

– Vi ønsker å skape ein arena der arbeidsgivar får moglegheit til å presentere sitt rekrutteringsbehov og snakke direkte med jobbsøkjarane, seier Brunvoll.

– I tillegg vil vi vise dei moglegheitene som finst for jobbsøkjarar, studentar og andre som skiftar jobb, held ho fram.

Ho meiner jobbmessa er viktig, både for dei som har vore ledige lenge, og for nye arbeidssøkjarar.

– Det er mykje god arbeidskraft som er tilgjengeleg rundt om kring i fylket. Difor er det viktig at både arbeidsgivar og arbeidstakar veit om kvarandre, og kva dei kan tilby, seier Brunvoll.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL