Hopp til innhold

Satsar på innovasjon i Volda

Volda kommune har no innført ein innovasjonspris slik at dei tilsette skal få utvikle nye idear i organisasjonen.

Arild Iversen

Med Innovasjonsprisen 2014 satsar Volda kommune på innovasjon og ynskjer å oppmuntre sine tilsette til å tenke nytt og nyttig.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar i Volda, Arild Iversen, ynskjer at prisen skal bli årleg.

– Det er tanken. Vi ynskjer å vere med på å styrke ei utviklingskultur i kommunen og då må vi gjenta dette kvart år, seier han.

Tenke nytt

Ideen til å satse ekstra på innovasjon kom i vår. Politiske organ var einige i at dette var ei god satsing.

Alle tilsette i Volda kommune kunne kome med sitt bidrag til Innovasjonsprisen 2014. Målet var å leggje til rette for ein kultur der det er takhøgde for å tenke nytt, prøve og feile.

Iversen trur det er sunt å tenke nytt.

– Vi er opptatt av å levere gode tenester til innbyggjarane våre og vi vil gjerne nyttiggjere oss den kreativiteten som vi veit mange tilsette har, seier ordføraren.

– I tillegg trur eg det kan vere med på å gjere arbeidet til den enkelte meir interessant, held han fram.

Nytt og nyttig

No konkurrerer ti kandidatar om innovasjonsprisen. Prisen vert delt ut på kommunestyremøtet torsdag 18. desember.

Volda-ordføraren fortel kva som skal til for å vinne.

– Vi vil nok vere litt romslege i år, spesielt sidan det er fyrste året. Men vi ynskjer at det skal representere noko som er nytt, noko som er nyttig og noko som vi kan omsetje til praktisk utvikling innanfor organisasjonen vår, seier Iversen.

  • Sjå videoen til innovasjonsprisen for Volda kommune, laga av PR-studentane ved Høgskulen i Volda.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL