Hopp til innhold

Satsar på hjortefarm i Ørsta

Familein Hovdenakk reknar ikkje med å tene pengar på dette før om tre til fire år, men satsar friskt på oppdrett av hjort på garden på Hovdenakken mellom Ørsta sentrum og Sæbø.

HJORTEFARM: Familien Hovdenakk i Ørsta satsar på hjorteoppdrett. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Så langt har dei ordna eit stort område med skog og mark der dyra kan boltre seg. Ein bukk og fem koller er på plass, og målet er at dette på sikt skal verte ein gard med 60 dyr, seier Jan Eldar Hovdenakk.

Hans Nicolai Hovdenakk seier det har vorte lagt ned mykje arbeid og at det er kjekt å sjå at det er liv på garden igjen.

– Det einaste som har vore her dei siste åra er nokre kattar, seier han.

Før dreiv familien med pelsdyr, men det er ei god stund sidan. Begge har i dag jobbar utanom gardsdrifta, men reknar med at livet som hjortebønder vil verte stadig meir krevjande og kanskje på heiltid etter kvart.

– Slik det er i dag er ein nærast avhengig av å kjenne ein grunneigar eller jeger for å skaffe seg hjortekjøt, seier Jan Eldar. Han vil gjere kjøtet meir tilgjengeleg for folk flest.

Han har fått gode tilbakemeldingar på planane både frå naboar og frå Ørsta kommune.

Hans Nicolai Hovdenakk og Jan Eldar Hovdenakk.

Hans Nicolai Hovdenakk og Jan Eldar Hovdenakk.

Foto: Arne Flatin / NRK

Svært sjeldan

Ein telefon til Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser at hjorteoppdrett er svært sjeldan i vårt fylke. Det er ungbukken Knut som styrer dei fem kollene på hjortefarmen. Jan Eldar ser på dyra at det har vore ein viss aktivitet i skogen den siste natta.

Han meiner dyra har det fritt og godt. Dei går ute heile året, men har tilgang på sin naturleg fauna, og er sikra godt med mat året gjennom. Det er gjort ein del investeringar på garden, og han reknar ikkje med at dei kjem til å tenke pengar med det første.

Bukken Knut på hjortefarmen

Bukken Knut på hjortefarmen.

Foto: Arne Flatin / NRK