Prosjektleiar Harald Valle seier dette er spesielt fordi det er første gong norske bønder går ut på marknaden på eiga hand med såkalla singelfrosne bær. Sjølv om det finst frosne bær i frysediskane frå før, meiner Valle at dei har eit konkurransefortrinn i at dei har garantert norske bær.
Populær bær
Jordbær er populært å bruke, mellom anna i smoothies (Foto: Webjørn Espeland)
Jordbærsesongen er no på hell, og i staden for at dei 45 bøndene som eig Valldal Grønt leverer frosne bær til industri og grosisstar, vil dei no altså selje den som eiga merkevare i butikkar.
Valle har stor tru på etterspurnaden. Det er aukande interesse for jordbær på grunn av innhaldet av antioksydantar og fordi dei er populære å bruke mellom anna i drinkar og smoothies, seier han.
Til hausten?
Etter planen skal bæra bli å finne i frysediskane til hausten. Går alt bra vil det bety fleire arbeidsplassar i Valldal — dersom butikkjedene tek inn det nye produktet. Det er dei heilt avhengige av, men Harald Valle har god tru på at dei skal lukkast.