NRK Meny
Normal

Satsar med nytt fjøs

Bondelaget mobiliserer før årets jordbruksoppgjer. Samtidig har ein ung bonde i Averøy tatt spranget og opna fredag ein høgteknologisk gard.

De satser stort med nytt fjøs. Samtidig håper Bondelaget at landbruksoppgjøret vil gi bøndene mer forutsigbarhet.

SJÅ TV-SAKA: Familien i Averøy har valt å satse på eit nytt og moderne fjøs.

Dagens moderne gardsbruk er ikkje slik det ein gong var. Inne i fjøset i Averøy ser det nesten ut som cockpiten i eit fly. Her blir alt styrt av avansert teknologi og datamaskiner.

– Her startar eg om morgonen, og så kan eg følgje både kyr og kalvar på herifrå, fortel Magnhild Slatlem og viser fram det nye utstyret.

For å kunne klare seg i dag, må det vere moderne.

– Eg kan blant anna styre den automatiske fôringa og mjølkeroboten til mjølking med mjølkerobot, fortel ho vidare.

Må satse stort

Mange nyfikne tok fredag turen innom nybygget for å sjå på det som truleg er framtidas fjøs. Ekteparet Magnhild Slatlem og Konrad Kongshaug er stolt av det nye fjøset, og meiner det er blitt nødvendig å satse stort for å kunne lukkast innanfor landbruket.

Magnhild Slatlem

Magnhild Slatlem er stolt av det nye fjøset.

Foto: Roar Halten / nrk

– Slik som utviklinga har vore dei siste åra må du ha ein stor gard for å greie det økonomisk, seier Kongshaug.

Ekteparet har investert om lag 7 millionar og mykje eigeninnsats i det nye fjøset.

– Byggekostnadane i Noreg er så pass store at ein er nøydd til å bygge eit visst volum dersom ein skal få igjen noko for investeringa, seier Kongshaug.

Langsiktig

Bondelaget på si side ønsker meir føreseielegheit i årets landbruksoppgjer.

Arnar Lyche

Arnar Lynche meiner det er viktig å tenke langsiktig.

Foto: Roar Halten / nrk

– Det viktigaste er dei områda som er langsiktige og ikkje let seg reservere dersom regjeringa endrar på det, seier Arnar Lynche, organisasjonssjef i Bondelaget.

– Bondeyrket er ei langsiktig næring og det er viktig for bonden at han kan planlegge framover, held han fram.

Spenninga rundt framtida er stor i det nye fjøset på Averøya, men trua den er på plass.

– Eg er ganske stolt av det vi har fått til her, så eg trur det blir bra, seier Slatlem.

Fjøs Averøy
Foto: Roar Halten / nrk