NRK Meny
Normal

Satsar i nedgangstider

Medan mange bedrifter må kutte og permittere, har hydraulikk-bedrifta DIMO på Hareid så stor pågang at dei må utvide og tilsette fleire.

Dimo

Dei 18 tilsette ved DIMO ønskjer endå fleire velkomne. Hydraulikkbedrifta på Hareid utvidar i tøffe tider.

Foto: Arne Flatin / NRK

Også i nedgangstider finnast det unntak. For fem år sidan hadde DIMO berre 2-3 tilsette. Sidan har verksemda ekspandert og talet på tilsette har auka gradvis til 18 og i desse dagar vert fire nye stillingar lyste ut.

– Det er først og fremst fordi vi har tru på framtida, seier dagleg leiar Stian Garnes.

– Vi tener ikkje mykje pengar i dag

Bedrifta på Hareid leverer hydrauliske komponentar og system til den maritime næringa, mellom anna hydrauliske aggregat til ferjer og fiskebåtar.

Stian Garnes

Stian Garnes er dagleg leiar i Dimo.

Foto: Arne Flatin / NRK
Asbjørn Pilskog

Styreleiar i DIMO AS, Asbjørn Pilskog, har tru på framtida.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sjølv om prisane i dagens marknad er tøffe, ser Garnes at dei har store moglegheiter for å utvikle seg.

– Vi tener ikkje mykje pengar slik det er i dag, men vi fokuserer på å utvikle oss for framtida.

Rusta for framtida

DIMO stammar frå gamle Odim Hydraulikk og etablerte seg i 2002, men kom tilbake til Odim i 2008. Då Rolls Royce tok over Odim vart hydraulikk-biten fasa ut. I 2011 starta 2-3 personar frå dette miljøet opp DIMO for andre gong. Heile denne tida har det vore ein marknad for produkta til denne verksemda, meiner styreleiar Asbjørn Pilskog.

– Fiskeri- og ferjehydraulikk og har vist seg å vere ein marknad som er veldig viktig for oss, i alle fall i den vanskelege tida som har vore i off shore-næringa no.

Korleis ser du på framtidsmoglegheitene for ei bedrift som dykkar?

– Vi ser store moglegheiter framover og gjer også ein del satsingar for å vere godt rusta for framtida, seier Pilskog.

Ettersom bedrifta på kaia på Hareid veks, treng dei også meir plass, og planlegg å bygge på for å få plass til fleire kontor og møterom. Det er det ikkje mange bedrifter som gjer for tida, og den daglege leiaren er også optimist.

– Vi utviklar system som har moglegheiter i framtida. Å ha eit godt grunnlag er viktig for oss, seier Stian Garnes.