NRK Meny
Normal

Satsa på produksjon i Noreg då andre flagga ut

Shipnor i Angvik har suksess internasjonalt med norske skipsmøblar. Dei har fått med seg ei mengd underleverandørar i fylket for å levere møblar til ombygginga av Royal Caribbeans cruiseskip «Jewel of the seas».

Cruise i Karibien

Ombord i dette cruiseskipet vil du finne lokalt produserte skipsmøblar.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Shipnor sjølv kallar det eit lite industrieventyr. Gjennom eit finsk innreiingsselskap har dei fått prestisjeoppdraget.

– Norsk kvalitet og moderne framtidsretta produksjon stod øvst på lista då Shipnor blei valt som leverandørar av finske Almaco Group, fortel administrerande direktør Otto Hammerø.

Rosar dei tilsette

Frå produksjonslokala i Angvik

Otto Hammerø og Shipnor leverer skipsmøblar via Karo Friman og Almaco Group i Finland. Her frå lokala i Angvik.

Foto: Pressebilde frå Shipnor

Han fortel at mykje arbeid og store investeringar ligg bak når Shipnor har sikra seg ein treårig rammeavtale for levering av skipsmøblar til Almaco Group.

– Prosjektet hadde ikkje late seg gjennomføre utan dei tilsette. Dei har stått på døgnet rundt, både kvardag og helg, for å levere til avtalt tid. I tillegg kjem ei rekke underleverandørar til fylket.

Blant leverandørane til Shipnor er Møre Innredning i Spjelkavik i Ålesund, Troldmyr Møbelfabrikk i Eidsvåg i Nesset, Stavik Trevare i Bud i Fræa samt Rindalslist i Rindal.

– Tillit frå både norske verft og store internasjonale aktørar gjer at Shipnor i ei tøff periode kan sjå lysare på framtida, seier Hammerø.

Til Bahamas og Dubai

Han kom nyleg heim frå Bahamas, der Shipnor har levert og installert møblar i 52 lugarar.

Otto Hammerø framfor Jewel of the Seas

Otto Hammerø framfor «Jewel of the Seas».

Foto: Pressebilde fra Shipnor

– Denne leveransen er noko heilt nytt og annleis enn det vi har levert tidlegare. Det har krevd omstilling av produksjon, nye materialval og tilpasningar til marknaden, fortel administrerande direktør.

Difor har mellom anna omstillingsmidlar frå Innovasjon Norge kome godt med.

Rett før Hammerø var på Bahamas var han også i Dubai. Der fekk han sjå at selskapets første leveranse av Click-møblar gjekk som planlagt. Denne teknologien gjer i korte trekk at eit møbel kan bli sett saman i løpet av nokre sekund utan verktøy eller feseanordningar.

– Alt gjekk som smurt, fortel han som administrerer industrieventyret i Angvik.