Hopp til innhold

Slik er det EIGENTLEG å vere statsminister

– Ein slepp ikkje å rydde heime sjølv om ein er statsminister, flirer Erna Solberg når NRKs reporter blir med ho på biltur tysdag. Og ho avslører kva ho har på iPaden sin.

Erna solberg wilhelm støylen

«Selfie»-trengde lever i beste velgåande – også i baksetet av Statsministerens bil, der NRK-reporter Wilhelm Støylen møtte Erna Solberg tysdag.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Statsministeren er på reise. I ein svart bil sit ho saman med dei næraste medarbeidarane sine, sjåføren og ei sikkerheitsvakt. Rett bak kjem nok ein svart bil. I den bilen sit endå fleire tryggingsvakter.

Etter synfaringar og møte med ordførarar, bedriftsleiarar og lobbyistar er det ei opning for å slappe av.

NRK Møre og Romsdal sin reporter, Wilhelm Støylen, tenkte at statsminister Erna Solberg kunne trenge litt selskap i bilen når ho fartar mellom bedriftsbesøk og andre oppdrag på Sunnmøre.

Klikk under for å høyre innslaget:

Hei, du må kome inn i bilen, seier Erna Solberg. Her i baksetet på ein bil sit eg ganske ofte, legg ho til.

– Blir ikkje bilsjuk

Erna Solberg har nett fått ei orientering om drifta ved ei av dei maritime bedriftene i Ålesund. Straks skal ho vidare for å bli orientert om psykiatrisk avdeling ved sjukehuset i Ålesund. Seinare på kvelden skal ho delta i eit lokalt partiarrangement.

Her i bilen har eg av og til samtalar med folk. Nokre er med og andre snakkar eg med på telefon. Av og til sit eg berre her og nyt utsikta, fortel Solberg i det bilen køyrer av garde.

– Du blir ikkje bilsjuk?

– Nei, som oftast ikkje. Men det hender at eg kan vere forkjølt eller litt trøytt. Då kan det vere godt å legge hovudet litt bakover. Men eg har ikkje noko problem med å site i bilen og lese, berre vegen ikkje er for svingete.

Erna bil

Det er ikkje noko småbil som fraktar Statministeren kringom.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Folk blir overraska

Mens bilen køyrer gjennom Ålesund fortel Erna Solberg kor godt ho likar å reise og møte folk. Det er noko av det finaste med statsministerjobben. Av og til blir folk overraska over å møte henne.

Av og til møter eg folk heilt overraskande. Og det er også hyggeleg. Nokre gonger blir folk litt forbausa.

Kva blir dei forbausa over?

– Dei blir forbausa over at eg plutseleg kan vere ein stad som dei ikkje hadde rekna med. Folk reagerer forskjellig. Nokre helsar medan andre byrjar å kviskre til kvarandre medan dei går bortover gata.

– Korleis reagerer du på det?

– Eg er vandt til det. Dotter mi syns det er litt artig å gå bak meg i slike situasjonar, smiler statsministeren. Ho legg til at det ikkje har vore slik alltid. Men dei siste to åra har kjendisfaktoren stige.

– Eg har spel og musikk på iPaden

Statsminister Erna Solberg meiner at ho lærer Noreg endå betre å kjenne fordi folk brukar av si tid til å fortelje om det dei er opptekne av. Og ho legg også stor vekt på å slappe av under reisene.

På reiser er det lurt å ha med seg noko å gjere om det vert forseinkingar. Slik unngår eg å bli stressa om flyet blir forseinka eller om det skjer noko på vegen. Eg har med meg ein iPad med spel, der er musikk. Og eg forsøkjer alltid å ha med meg ei bok, avslører bergensaren som tronar på toppen av det politiske Noreg.

På reiser kan Erna Solberg av og til merke at andre i reisefølgjet blir stressa om det skjer uventa ting. Då brukar ho å roe ned dei ho har rundt seg.

Forseinkingar og uventa hendingar er ein del av livet, og som regel er det ikkje noko vi som reisande kan gjere så mykje med, seier ho.

– Nest vakrast i Noreg

I solskinnet prisar Erna Solberg naturen på Sunnmøre. Ho har nettopp kome med båt inn til Ålesund.

Dette er jo den nest vakraste staden i Noreg, seier ho med eit stort smil. Etter Bergen, legg ho til og hastar vidare til neste oppdrag.