Hopp til innhold

Sandøy går mot Sunnmøre, men det er delte meiningar om vegvalet

I Sandøy er det delte meiningar om kommunen bør slå seg saman med kommunar på Sunnmøre eller Romsdal.

Nordøyvegen

Nordøyvegen bidrar til å trekkje Sandøy mot Sunnmøre, men ikkje alle i kommunen ønskjer det.

Fredag var Sandøy ein av 13 kommunar som underteikna ein avtale om å gå vidare i arbeidet med å samle nordre Sunnmøre til eitt rike.

Frode Brunvoll

Frode Brunvoll er positiv til ein større kommune, men er usikker på kva retning Sandøy bør gå.

Foto: Trond Vestre / NRK

Å halde fram som eigen kommune i framtida kan bli vanskeleg, trur Frode Brunvoll som driv Bunnpris-butikken på Steinshamn.

– Vi blir kanskje litt små ut på her då så eg er ganske positiv til bli del av ein større kommune. Men det er klart at det er mang spørsmål som diskuteres. Vi bor jo på en holme, seier Frode Brunvoll.

Nordøyvegen

I dag må du bruke ferje dersom du skal reise til og frå Sandøy. Blir Nordøyvegen bygd vil delar av Sandøy få fastlandssamband til Sunnmøre. Det gjør at kontakten med kommunane på Sunnmøre blir enda tettare enn i dag.

Kjell Faksvåg

Kjell Faksvåg trur kommunesamanslåing vil tvinge seg fram.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kjell Faksvåg som bur på Harøya, meiner dette vil gjere det vanskeleg å unngå samanslåing med andre kommunar.

– Det vil tvinge seg fram, og då ser eg sørover mot Sunnmøre, seier Kjell Faksvåg.

– Vil du bli ein del av Ålesund?

– Nei, det har eg ikkje sagt. Det er vel ingen som vil til de store byene, men Haram og rundt der blir naturleg, seier Faksvåg.

Sunnmøre eller Romsdal?

Men folk vi snakkar med utanfor butkken på Steinshamn har delte meiningar om kva retning Sandøy skal gå når kommunen skal ta stilling til kommunesamanslåing. Politikarane i Sandøy har valt å delta i dei utgreiingane som kommunane på Sunnmøre gjennomfører, men folk kjenner seg samstundes som romsdalingar.

– Eg ser mot Romsdal. Det er jo på romsdalssida vi ligg, seier Endre Harneshaug.

– Nordøyvegen gjør det jo naturleg å sjå mot Sunnmøre, men eg tenkjer jo og på det som bestandig har vore tradisjonen vår, nemlig Aukra og Midsund. Det burde jo og vere eit alternativ, synest no eg då, seier Frode Brunvoll.

Men hva folk i Sandøy vil er og avhengig av kvar bur i i kommunen. Bor dei på øyene Orta og Sandøya ser dei mot Aukra og Romsdal, medan på Harøya der kommunesenteret ligg ser fleire mot Sunnmøre.

En stor bykommune

Hans Endre Sæterøy

Ordførar Hans Endre Sæterøy meiner Sandøy bør bli en del av ein storkommune på Sunnmøre der Ålesund er med.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordføreren Hans Endre Sæterøy (H) trur ikkje kommunen vl klare seg åleine i framtida og meiner det er nødvendig at Sandøy blir ein del av ein større kommune.

Sæterøy meiner det er tiktig å sjå heilt til Ålesund.

– Slik eg ser det frå min ståstad kan vi godt vere ein del av ein større bykommune, og det er vel det eg meiner er den beste løysinga. Men det er klart at det er veldig delte meiningar om det, seier Hans Endre Sæterøy.