Hopp til innhold

Sandnes: – No eller aldri

Styreleiar i Nordøyvegen, Bjørn Sandnes, åtvarar sterkt mot å stoppe eller setje på vent utbygginga av det gigantiske fastlandssambandet. – No må det kome eit endeleg vedtak. Eg trur ikkje vi skal utsetje dette noko meir no. Vi må få eit svar i desember. Det er anten eller no, seier Sandnes til NRK måndag kveld. Om føremiddagen varsla fylkesadministrasjonen at ei heil rekkje andre investeringar kan bli sett på vent i lang tid dersom Nordøyvegen blir realisert. Det har skapt reaksjonar. Saka skal avgjerast i fylkestinget i desember.

Bjørn Sandnes
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK