Ho er ein av nærare 1500 personar i Noreg som er smitta av viruset gjennom blodoverføringar på norske sjukehus før 1993.
I 15 år har ho vore sterkt plaga, og først i 2001 fekk ho diagnosen hepatitt.
I dag er Moltu bitter på helsevesenet som ikkje har prøvd å spore opp dei som er smitta.
Det er i programmet brennpunkt på NRK 1 i kveld du får møte Herøykvinna Laila Moltu.
Etter blodoverføringa i Trondheim for 17 år sida har ho vore sjuk.
Hepatitt kan mellom anna leie til gulsott og alvorlege sjukdommar som skrumplever og leverkreft.
Gode sjansar til erstatning
Moltu har nå søkt erstatning for eit øydelagt liv.
Pasientombod Astrid Molland.
Pasientombod Astrid Molland i Møre og Romsdal seier at dei som er smitta av hepatitt gjennom blodoverføring før 1993, kan ha gode sjansar til å få erstatning.