Hopp til innhold

Dette blir Sør-Noregs første skatteparadis

For å få folk til å flytte ut i havgapet på Søre Sunnmøre, set Sande kommune ned formuesskatten. – Eg kan ikkje tenke meg at dei som har skikkeleg mykje pengar vil flytte hit, seier innbyggar.

Kvamsøya

Meir enn halvparten av innbyggjarar i Sande bur i bygdene Larsnes og Gursken, medan resten bur i Gjerdsvika og på øyane Kvamsøy og Sandsøy. Her ser du Kvamsøya.

Foto: Olav Hustad / NRK

Det bur berre rundt 2403 personar i Sande kommune. For å få fart på kommuneøkonomien vil ordføraren at fleire skal flytte hit, men det er fleire som dreg enn som kjem.

– I god sunnmørsk ånd treng vi innbyggjarar, seier ordførar Olav Myklebust (Sp).

I håp om å snu trenden vedtok kommunestyret tysdag å setje ned formuesskatten frå sju til fem promille frå neste år. Frå 2024 blir formuesskatten set ned til to promille.

– Ein del av årsaka er at vi vil få fleire folk til kommunen. Også folk med kapital som har lyst å satse i kommunen vår.

Ordførar i Sande, Olav Myklebust (Sp)

– Får vi meir inntekter til kommunen, kan vi gi betre tenester til innbyggjarane våre, seier Olav Myklebust.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vil herme etter Bø

Kommuneleiinga har vore i kontakt med Bø kommune i Vesterålen, som var den første kommunen til å setje ned formuesskatten. Kommunen blir omtalt som «skatteparadiset Bø i Vesterålen».

Der blei modellen ein suksess. Etter at næringslivsprofilar som Bjørn Dæhlie, Einar A. Sissener og Kristian Adolfsen flytta til kommunen, har skattekronene trilla inn i kommunekassen.

«Utanfor allfarveg – heldigvis!».

Sande kommune ligg i havgapet heilt sør i Møre og Romsdal. I 2015 stakk kommunen av med sigeren i Nitimens kåring av beste kommuneslagord: «Utanfor allfarveg – heldigvis!».

Det finst ikkje rundkøyring, lyskryss eller kjøpesenter i kommunen. I Sande er det mykje fin natur, men lite som minner om luksusliv.

– Spark i lause lufta

På matbutikken på Kvamsøya var skattereduksjonen det store samtaletemaet.

Ove Rønnestad meiner tiltaket er eit spark i lause lufta.

– Eg kan ikkje tenke meg at dei som har skikkeleg mykje pengar vil flytte hit, men eg håper at nokon hoppar på.

Ove Rønnestad på Kvamsøya

– Eg nærmar meg 80 år og er ikkje optimist lenger, seier Ove Rønnestad

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er jo litt spennande. Det er mogleg eg må ta inn sigarar, humrar Nina Liset som driv butikken.

Høgrepolitikar Anne-Marte Skarmyr Beitveit meiner, ikkje overraskande, at dette er eit bra tiltak.

– Vi har bustadtomter, næringsareal og er på tilbodssida. Det er ikkje snakk om å lokke til seg milliardærane, men dei som har lyst til å bidra her.

På butikken på Kvamsøya

Olav Myklebust, Nina Liset og Anne-Marte Skarmyr Beitveit slår av ein prat på butikken.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kan svi

I juli feira kommunestyret at seks år på Robek-lista var over, og at dei igjen kunne bestemme fullt og heilt over sin eigen økonomi.

Det er ein viss risiko knytt til skattestuntet. Kjem det ikkje fleire innbyggarar, kan det svi. I fjor varsla den raudgrøne regjeringa at den ikkje lenger vil kompensere kommunane for tapa som følger av redusert formuesskatt.

Det gjorde at Bø måtte dekke inn eit tap på rundt 5 millionar kroner sjølve.

– Vi håper at Regjeringa ser kva vi ønsker å oppnå med dette. Eg meiner kutt i formuesskatten er god distriktspolitikk, seier ordføraren som er frå same parti som finansministeren har foreslått å auke formuesskatten i statsbudsjettet.

Merkar seg saka

I ein e-post til NRK skriv statssekretær Ole Gustav Narud at Kommunal- og distriktsdepartementet har merket seg kva Sande har gjort.

I august fekk departementet ein rapport frå inntektssystemutvalet som mellom anna anbefalte at det ikkje bør vere mogleg for kommunar å sjølv vedta å senke formuesskatten under makssatsen.

– Utgreiinga er no på høyring og regjeringa vil ta nærmare stilling til oppfølging etter det, skriv Narud.

Les også Utvalg vil stoppe kommunale skattestunt: – Det er veldig synd

Fint vær i Nord, Bø i Vesterålen

– Paradis, men ikkje skatteparadis.

Sande kommune planlegg ikkje noko marknadsføringskampanje for å få folk til å flytte dit.

– Vi håper at ryktet om at vi har eit paradis her ute spreier seg godt, og at folk grip sjansen, seier Myklebust.

Ordføraren er ikkje heilt nøgd med at mange vil kalle Sande for eit skatteparadis.

– Vi er eit paradis, men det er ikkje meininga at vi skal bli eit skatteparadis, seier ordføraren og understrekar at dei framleis vil ta godt vare på dei som ikkje har mykje å rutte med.

Skatteparadis Sande

Voksa har ferjesamband med Kvamsøya, Åram og Larsnes.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK