Hopp til innhold

Cupfinalisten eitt steg nærmare fornya 1. divisjons-kontrakt

Hødd låg under 1–0 til pause i Sarpsborg, men nokre korte minutt og ei kanonscoring av Erik Sandal sikra eitt poeng. – Eitt av mine aller flottast mål, slår Sandal fast.

Erik Sandal

Erik Sandal laga 2-2 på svært vakkert vis i Sarpsborg onsdag kveld. Dermed sikra han eit litt uventa og viktig bortepoeng for Hødd.

Foto: Stig Høynes

Frå 25 meter sikta Hødd-veteranen inn. Midtbanekollega Sivert Heltne Nilsen trilla ballen enkelt tilbake til Sandal, før ballen like etter låg klistra oppe i vinkelen.

– Det er innsida av foten. Eit herleg treff. Eg kjente med ein gong at det kunne gå vegen, fortel Sandal om 2-2-scoringa.

For det enda 2–2 på Sarpsborg Stadion onsdag kveld.

Sarpsborg 08 var storfavoritt før oppgjeret, det trass i at cupfinalist Hødd hadde vunne 2–1 to gonger på Høddvoll.

Hødd slo opprykkskandidaten både i NM og i heimekampen på Høddvoll.

Giæver sendte heimelaget i føringa

I Sarpsborg var det heimelaget som opna best. Det balltrillande laget trykka Hødd bakover, og etter 12. minutt kom 1–0.

Angripar Morten Giæver fekk ballen eit stykke utanfor 16-meteren til Hødd. Han tok med seg ballen eit par meter, før ballen blei banka i krysset til 1–0.

Hødd kom meir med utover i omgangen, men utlikninga kom aldri før pause.

Kjell Rune Sellin

Kjell Rune Sellin har tilført eit kjempande Hødd-lag ein ekstra dimensjon offensivt. Mot Sarpsborg 08 serverte han perfekt då Vegard Heltne scora 1-1.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Jubel, kalddusj, jubel

Også i andre omgang var det heimelaget Sarpsborg 08 som starta best. Likevel var det på heimelaget sine banehalvdel det skulle smelle.

Etter 57 minutt fekk Kjell Rune Sellin lagt ballen presist inn i heimelaget sin 16-meter. Der var venstreving Vegard Heltne på plass, og 1–1 var eit faktum.

Det gjekk derimot ikkje mange minutta før heimelaget igjen var i føringa.

61 minutt var spelt då Pål André Helland laga eit litt unødvendig frispark 20 minutt får Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland. Då takka og bukka Morten Giæver, før han skrudde inn sitt andre mål for dagen til 2–1.

Så: I det 63 minutt kom Sandal-kanonen som sikra 2–2.

– Det er eitt av mine aller flottaste mål, men eg set målet mot Strømsgodset i 2005 høgre. Då scora eg direkte frå avspark.

– Men målet i dag er eit kjempemål. Og det er utruleg herleg at det kjem i ein kamp som dette, der poeng er svært viktig, seier Erik Sandal til NRK.no.

– Det hadde kanskje ikkje vore fortent

Begge lag hadde sine sjansar etter utlikning nummer to, men det enda med poengdeling i Sarpsborg.

– Men vi er uhyre nære 3–2 mot slutten, meiner Sandal.

– Hadde siger 3–2 vore fortent?

– Nei, det hadde kanskje ikkje vore fortent. Men fotballen er eit spel og eit motspel, og vi fekk rom til å kontre i mot slutten. Det blei nesten tre poeng, men vi er godt fornøgde med eitt poeng her.

Eitt poeng gjorde uansett at Hødd klatra i 1. divisjon. Før den utsette kampen mot Sarpsborg låg Hødd på den siste sikre plassen. Med eitt poeng klatra blåtrøyene forbi Tromsdalen.

– Vi treng fem poeng til

Strømmen ligg på den siste nedrykksplassen, men no er det Skedsmo-laget som har ein kamp til gode.

– Situasjonen er nesten uforandra. Strømmen kan klatre forbi både oss og Tromsdalen no.

– Dette blir eit rotterace heilt inn, spår Hødd-veteranen.

Hødd har igjen tre tøffe kampar, og Sandal trur poengfangsten må vere god heilt inn.

– Eg trur vi treng fem poeng på dei tre siste. Men med siger i helga, og andre resultat med oss, så kan vi nesten vere sikra.

– Likevel, dette blir teori. Vi må gjere jobben vår heilt inn, og så skjer det som skjer.

Saka held fram under bildet.

Hødd

Her jublar Hødd etter NM-semifinalen mot Brann. Heile Hødd er klare på at finalen mot Tromsø blir ein nedtur dersom Hødd må spele 2. divisjon i 2013.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fire kampar, store forskjellar

For cupfinalist Hødd står det no igjen fire kampar av 2012-sesongen. Ein kan enkelt omtale det som fire cupfinalar.

– Cupfinalen blir ikkje noko kjekk dersom vi veit at vi skal spele 2. divisjon neste år. Så vi veit godt at vi må gjere ein jobb før cupfinalen mot Tromsø, seier Sandal.

– Men når cupfinalen kjem, og plassen er sikra, så blir det ei kjempeoppleving.

For Hødd, som var dømt nord og ned etter 10 serierundar, er situasjonen no veldig annleis. Ei perfekt avslutning kan ende i øvre halvdel i 1. divisjon, cupgull og europaspel.

– Ditt mål er vel fornya Adeccoplass, NM-gull og spel i Europa, Erik Sandal?

– Heilt klart, enkelt og greitt. No skal vi sikre plassen og så ta cupgullet. Då blir det plutseleg ein svært god sesong likevel, avsluttar Sandal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL