NRK Meny

Samtalar i gong

Det skal no pågå hektisk møteaktivitet mellom lokale offshorereiarlag for å prøve å kome fram til ei sunnmørsk løysing. Nettstaden nett.no (krev innlogging)skriv at Farstad, Havila og Olympic skal vere blant møtedeltakarane som jobbar for å finne ei lokal løysing nord for Stadt. Samanslåinga av Rem Offshore og Aker/Solstad, har skapt frykt for at dei andre store sunnmørske offshoreiarlaga skal verte kjøpt opp, og at dette kan ramme heile den maritime sunnmørske klynga.