Hopp til innhold

Samlast for å trekke grenser

Arbeidet med å endre kommunegrensene på Nordmøre tok i dag eitt steg vidare i arbeidet med kommunereforma.

I Kristiansund var formannskapspolitikarar frå hele Nordmøre samla i dag for å diskutere kommunesamanslåing.

Alle nordmørskommunar og fleire kommunar frå Sør-Trøndelag og Romsdal var i dag invitert til felles formannskapsmøte i Kristiansund for å diskutere kommunesamanslåing. Målet var å samordne arbeidet og starte diskusjonen rundt framtidas kommuneinndeling.

– Vi er i rute med dei utgreiingane vi skal gjennomføre. Fylkesmannen har sett ein frist for utgreiingsfasen til 31. desember i år, og vi er godt i rute til å greie det.

– Det som blir viktig no er korleis ein skal få diskutert seg fram til handterlege alternativ, seier Roland Maurseth, prosessleiar for kommunereforma i Nordmøre regionråd.

Ingunn Golmen, leiar i Nordmøre regionråd, trur likevel det blir ei stund til ein veit kva kommunar ein vil slå seg saman med.

– Kva ein endar opp med sommaren 2016, det tørr eg ikkje spå. Eg trur nok vi vil få sjå mange ulike samansetningar utover vinteren, seier HP.

– Kommunane kan bli meir effektive

På plass i Kristiansund var også Telemarksforsking presenterte det dei har funnet ut.

– I dag har vi presentert to rapportar. Ein som ser på det økonomi, og ein som ser på samfunnsutvikling. Desse analysane viser kva som kan skje dersom dei ulike kommunane slår seg saman, seier Anja Hjelseth frå Telemarksforsking.

Ho meiner at kommunane kan blir meir effektive ved å slå seg saman.

– Det varierer sjølvsagt frå kommune til kommune. Kor mykje ein kan effektivisere og spare kjem an på kor mykje ei kommune brukar på tenester og administrasjon i utgangspunktet, men mange kommunar har rom for å bli meir effektive, seier Anja Hjelseth.

Trønderane følgjer nøye med

Og også trønderane hadde tatt turen til møtet i Kristiansund måndag.

– Eg representerer Hemne, og vi har mykje til felles med Halsa og Aure, både når det gjeld felles næring, samferdsel og kultur. Difor meiner eg det er viktig å vere her i dag, seier Ståle Våg, ordførar i Hemne.

Og medan kommunane i Møre og Romsdal framleis er usikre på kven dei skal slå seg saman med, har kommunestyret i Hemne vedtatt å prioriterer eit mogleg samarbeid med nordmørskommunane.

– Det verkar som om Møre og Romsdal har vore mykje seinare ute med å kome i gang med dei same prosessane som vi har heldt på med lenge, seier rådmann i Hemne, Torger Aarvaag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL