Folk strøymer til Ulstein kyrkje tysdag kveld, for å vere med på lystenninga og markeringa i samband med mannen som døydde etter valdsepisoden i natt.
– Skulle ønskje at vi ikkje møttest her i dag, opna kateket Bjørn Losvik, då samlinga starta klokka 20.
– Tragisk og uforståeleg
Kateketen la vekt på at det som har skjedd er tragisk, uforståeleg og vanskeleg å forsone seg med. Han sa vidare at han tenkjer på familiane.
– Det er tid for å ha stort fokus på å ta vare på kvarandre og familiane til dei involverte. Ord er fattige, det er viktig med handling, det å halde rundt kvarandre, gje ein klem, tørke ei tåre, tenne eit lys, sa Losvik.
Om lag 100 frammøtte
På førehand var det vanskeleg for sokneprest Margit Lovise Holte å vite kor mange som ville møte fram. Klokka 20 viste det seg at om lag 100 hadde funne vegen til kyrkja.
– Vi veit ikkje kor mange som kjem, men vi ønskjer å gje eit tilbod, sa Holte til NRK tidlegare på kvelden.
To prestar, diakon og kateket er til stades, og fremst i kyrkja står telys klare for dei som ønskjer å tenne lys. Også ordføraren er til stades tysdag kveld. Kyrkja blir open til klokka 22, og dei som ønskjer det kan snakke med nokon av dei tilsette.
Musikk og lys
Dørene opna noko før klokka 20, og til instrumentalmusikk kom folk strøymande, vener og blåkledde Blåsarar, som vil heidre han som døydde tidlegare i dag.
– Vi opnar kyrkja fordi det har skjedd ei tragisk hending i bygda vår. Det er mange berørte, og vi tenkte at det kan vere at nokon syns det er fint å kome hit for å vise medkjensle og få uttrykk for si eiga sorg, seier sokneprest Margit Lovise Holte i Ulstein kyrkje tysdag ettermiddag.
- LES OGSÅ:- Sikta erkjenner straffskyld
- LES OGSÅ: Mann døde etter hodeskade
Fotballvener stiller i blått i kveld
Mannen som døydde var aktiv Hødd-supporter. Tysdag kveld stiller Blåsarane i blått i Ulstein kyrkje, etter ønskje frå dei næraste venane, seier leiaren i supporterklubben, Guttorm Remøy Vartdal.
– Vi ønskjer å vise medkjensle og tilhøyrsle og stiller i blått i kveld, seier han. Sjølv har han blå genser, blå jakke og blått skjerf.
Truleg framstilt for fengsling torsdag
Ifølgje politiet tysdag morgon skal den sikta mannen ha kome heim frå fest og funne sambuaren sin i seng med naboen. Seinare på dagen modererte politiet seg, og seier at det ikkje har vore nokon relasjon mellom dei to mennene.
Ifølgje politiet er mannen som er sikta for lekamsskaden med døden til følgje av austeuropeisk opphav. Han blir truleg framstilt for fengsling torsdag.
Kommunen gir også tilbod om samtale
Omsorgs- og beredskapsgruppa til kommunen gir også tilbod til dei som ønskjer det.
– Vi tek sjølvsagt kontakt med dei næraste, men er også tilgjengelege for andre som måtte ønskje det, seier leiaren i gruppa, Marit Botnen.
Eit tidlegare planlagt folkemøte om Levekårsplanen i Ulstein er avlyst på grunn av den tragiske hendinga.