NRK Meny
Normal

Samlar inn pengar til medisinsk utstyr for å takke legane

Legane og pleiarane redda livet til dei premature borna deira. No vil dei gi noko tilbake.

Anette Myklebust Haram (33) frå Ålesund (t.v) med sonen Kristian og Liv-Tone Ulstein Brunstad (36)

Anette Myklebust Haram (33) frå Ålesund (t.h.) med sønene Sander og Emil og Liv-Tone Ulstein Brunstad (36) frå Ulstein med guten Kristian.

Foto: Birthe Bringsvor

Å reise heim frå fødestua med ein frisk baby er ingen sjølvfølgje. Det fekk mødrene Anette Myklebust Haram (33) frå Ålesund og Liv-Tone Ulstein Brunstad (36) frå Ulstein erfare.

No vil dei takke for hjelpa.

Vil gje noko tilbake

Kristian

Kristian, sonen til Liv-Tone Ulstein Brunstad, då han var nyfødd. Endå skulle han normalt ligge tre og ein halv månad lenger i magen til mora.

Foto: privat

– Vi hadde lyst til å gje noko tilbake til dei som redda livet til våre små, seier Anette Myklebust Haram, som fekk tvillingane Sander og Emil, i veke 25 i svangerskapet.

Dei skulle endå hatt nesten tre og ein halv månad i mors mage, men slik blei det ikkje.

Liv-Tone Ulstein Brunstad var også gravid med tvillingar, men det var berre Kristian som overlevde då dei kom til verda i veke 24.

– Hadde det ikkje vore for neonatal avdeling i Ålesund, hadde ikkje Kristian vore her i dag, seier ulsteinkvinna og tek eit godt tak rundt sonen sin.

Sjukehuset blei heimen deira

I nesten fire månader var avdelinga for dei aller minste og svakaste heimen til dei to mødrene.

No vil dei gje noko tilbake til legane og pleiarane som redda borna deira og har oppretta facebookgruppa «De små vil også se».

Målet er å samle inn 1,1 millionar kroner til eit netthinnekamera, slik at dei små slepp å bli transporterte til St. Olavs i Trondheim for å bli undersøkte og eventuelt behandla for ei liding i netthinna som ofte rammar premature, nemleg ROP.

Kan i verste fall bli blinde

Ved hjelp av eit netthinnekamera kan ein diagnostisere og planlegge behandling som kan førebyggje alvorleg synssvekking hos dei aller minste.

– Fortidlegfødde er utsette for mange komplikasjonar. Dei er også utsette for augesjukdom som kan føre til at dei blir svaksynte eller i verste fall blinde, seier overlege Beate Horsberg Eriksen.

– Det er fantastisk at foreldre engasjerer seg slik at vi kan gi best mogleg behandling til dei små og sårbare, skryt Horsberg Eriksen.

Vil unngå transport til Trondheim

Overlege Geir Hanken

Overlege Geir Hanken har netthinnekamera høgt på ønskjelista, for å unngå at premature babyar må flyttast til Trondheim.

Foto: Birthe Bringsvor

Ein annan som har eit netthinnekamera høgt på ønskelista, er overlege ved augeavdelinga i Ålesund, Geir Hanken. Med ei spesiallupe og ei linse undersøkjer han og kollegaene auga til alle som er fødde før veke 32, og gjerne fleire gongar.

Med eit kamera kan han gjere grundigare undersøkingar, og kanskje unngå å måtte sende dei ørsmå pasientane til St. Olavs Hospital.

– Vi vil bli betre og vi vil kanskje også hindre at nokon blir sendt unødig til Trondheim. Det kan bety veldig mykje for ein familie som skal få alt til å gå i hop.

Dei siste fire åra har det vore om lag tre overflyttingar i året frå Ålesund til St. Olavs og omtrent halvparten av desse har trengt behandling. Dersom dei ikkje kjem under behandling i tide, kan netthinna bli heilt øydelagd.

Stor respons

Ei bitte lita hand til Sander

Den bitte lille handa til Sander og mamma Anette Myklebust Haram.

Foto: privat

På eit døgn fekk Facebook-gruppa «De små vil også se» 4000 medlemmer. No håper mødrene å kunne overrekkje ei stor julegåve til neonatal avdeling på veslejulaftan.

– Vi er overvelda over tilbakemeldinga, smiler Anette Myklebust Haram.

Ho og Liv-Tone Ulstein Brunstad er ferdige med å vere på avdelinga og det går bra med gutane deira, men dei veit det kjem folk etter dei.

– Folk lurer på om vi er sterke nok til dette etter alt vi har vore gjennom sjølve, men når det kjem til å gjere kvardagen til dei søte små enklare, så er det null problem. Det er viktig for oss å hjelpe dei, seier Ulstein Brunstad.