Vonar dei får inn 100.000 til Kristine

Då 21 år gamle Kristine fekk tilbakefall, og det viste seg at ho ikkje kunne behandlast for kreftsjukdomen sin i Noreg, så starta kjærasten ei pengeinnsamling slik at Kristine kunne behandlast i Sveits. Det fekk Tone til å arrangere outlet for Kristine.

Tone Østensen
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Tone Østensen

Plakatar som Østensen har fått laga vonar ho skal få fleire til å komme og kjøpe varer laurdag.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Pengeinnsamlinga for Kristine har fått stor merksemd i sosiale medium og mange har bidratt med både pengar og innsamlingsaksjonar for Kristine. Laurdag vert det nok ei innsamling, for då arrangerer Tone Østensen outlet i Ålesund.

– Eg kjenner det kriblar inni meg fordi eg er så spent på om det kjem inn nok ting, seier Østensen.

Ho har tatt seg fri frå jobben som regionsjef i Bik Bok for å lage til utsalsstaden ho har fått låne på Kremmergaarden i Ålesund. Bord og stativ må på plass, for her skal det samlast inn klede, sko, og andre skattar. Salet startar laurdag.

– I Noreg kan ikkje Kristine få vidare behandling der ho blir kurert, men i Sveits kan ho få ei behandling som legeteamet meiner skal gjere ho heilt frisk, og då må ho jo sjølvsagt ta den behandlinga, seier Østensen.

Innsamlingsaksjon gir resultat

Behandlinga Kristine får i Sveits kostar opp mot ein million kroner, og for å få råd så starta kjærasten til Kristine ei pengeinnsamling på Facebook der han bad om hjelp. Og det har gitt resultat.

– Eg trur det er kome inn rundt 400.000 kroner, og det er veldig mykje berre det, seier Østensen og seier både enkeltpersonar og bedrifter har bidratt på ulike måtar.

No vonar Tone outleten òg vil gi gode inntekter. Med seg har ho gode venninner av Kristine, og saman skal dei selje varer dei får frå privatpersonar og frå butikkar. Sjølv har Tone funne fram varer frå lageret til Bik Bok.

– Det er skummelt å seie det, men målet er å få inn 100.000 kroner, seier ho.

Mange bidrar

Tone Støhle

Senterleiar for Kremmergaarden, Tone Støhle stiller med lokale for innsamlingsaksjonen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Østensen har plakatar ho heng opp på senteret, og mange butikkar gir små gåver som kan seljast. Kommunen stiller med bord, andre med klesstativ, og Kremmergaarden stiller med lokale.

– Eg tykkjer me må hjelpe til og støtte der me kan, det er eit kjempetiltak, seier Tone Støhle som er senterleiar i Kremmergaarden.

Frå klokka 14.00 fredag samlar Tone Østensen med fleire inn det dei kan selje på Kremmergaarden, og laurdag går salet av stabelen.

– Det verkar som om mange er veldig engasjerte i dette her, til og med dei som ikkje kjenner ho, seier Østensen.

– Dette er snakk om ei jente på 21 år, og ho må me redde, ho må me støtte, og ho er nøydd til å bli frisk, seier Østensen.