I samarbeid med Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen har Runde Miljøsenter sett ut ein undervassfarkost som skal samle inn miljødata frå Norskehavet. Farkosten er ein såkalla glider, eit undervass glidefly.
Skal styrast frå Runde
Glideren er no mellom Noreg og Færøyane. Den dykkar ned til 1000 meter, er oppe kvar sjuande time og sender målingane sine til satellitt.
Runde Miljøsenter har ansvaret for å styre glideren. Forskingsrådet har finansiert innkjøp av seks gliderar som skal opererast frå Runde.
Samlar inn data om havet
Undervassfartøy skal samle inn data om tilstanden i havet. Tradisjonelt har forskingsskip vore nytta til dette arbeidet, men dette er svært dyrt.
Glideren kan gå ute på eiga hand i opp til åtte månader i gongen og ta prøver kontinuerleg. Glideren blir styrt via internett og kan få nye kommandoar kvar gong den er oppe på overflata for å sende inn måledata.
Artikkelen held fram under bilete
Roger Kvalsund og Karsten Kvalsund ser fram til å ta nyvinninga i bruk.
Foto: May Britt HaukåsViktig for forskning
Glideren er ei plattform som kan brukast til mange ulike instrument. Standard er instrument for måling av salt, temperatur og oksygen, og indirekte straum. Desse målingane er viktige både for vêrvarsling, klimaforsking, fiskeriforvaltning og havforsking generelt.
Fleire bruksområder
Gliderar kan utviklast til å bli brukt i mange ulike overvakingssamanhengar og vil truleg bli tatt i bruk innanfor mange ulike felt både innan forsking og offshoreverksemd.
Runde Miljøsenter arbeider aktivt med å utvikle fleire bruksområde og samarbeider med Universitetet i Bergen, Nansensenteret i Bergen, Bjerknessenteret i Bergen, Havila Shipping og Norwegian Centre of Expertise Maritime i Ålesund.