Samlar døde dyr etter flaumen

I dag samlar bygdefolket i Surnadal opp dei døde dyra som drukna i elva måndag. – Eg prøver å stenge ute kjenslene, seier sauebonde Mats Ranes.

Sankar kadaver i Surnadal

Det er ein tøff dag for bøndene i Surnadal i dag. Dei har henta døde dyr som drukna under flaumen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er dugnad i Surnadal, der om lag 30 personar leitar etter døde dyr langs bekken og elvebreidda. Sauebjøllene ringer når dei stive og våte dyra blir lagt opp på tilhengaren.

Enorme nedbørsmengder gjorde at elva Surna fløymde over måndag og tok med seg fleire titals sauer og kyr som beita på innmarka. Det vart sett i gang eit intenst arbeid for å redde flest mogleg av dyra med båtar, men over 70 av sauene drukna. Fleire kyr er også borte.

Sauer reddes ut av elva Surna i Møre og Romsdal

Måndag gjekk elva over breiddene sine og tok med seg dyr på beite. Det vart sett i gang ein stor redningsaksjon med båtar for å berge dyra.

Foto: Tor Helge Solli /Tidens Krav / NTB scanpix

Stenger ute kjenslene

For Mats Ranes som mista 35 sauer, er det ein tøff dag.

– Eg prøver å stenge ute kjenslene og berre gjere det eg skal og bli ferdig med det, seier Ranes.

Han er overvelda over alle bygdefolka som stiller opp og hjelper bøndene.

– Vi har eit godt samhald og alle kjenner alle. Det er heilt suverent, seier Ranes.

Mads Ranes

Bonde Mats Ranes miste 35 dyr i flaumen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Skjedde så fort

Det var tre grunneigarar som hadde dyr i i området, og vatnet kom så fort at dei rakk ikkje å reagere før det var for seint. Dei av sauene til Ranes som vart berga, ber ikkje preg av dramatikken i går. I natt og i dag har sauene beita der vatnet flaut.

– For dyra er alt som normalt, seier Ranes.

Mange i Surnadal stilte opp for å samle inn døde dyr

Mange i Surnadal stilte på dugnad for å hjelpe til etter dyretragedien.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sendt til destruksjon

Det er Baard Løfaldli som organiserer innsamlinga av dyra. Han er nabo og ven med gardbrukarane som miste dyra sine.

– Det er eit usannsynleg press på saueeigarane, så eg ville avlaste dei, seier Løfaldli.

Dyra blir henta med traktorar og ATVar og samla i ein container. Dyra blir sendt vidare til destruering, fordi kjøtet ikkje kan brukast til mat.