Hopp til innhold

Samlar dagkirurgien i Ålesund

Sjukehuset i Ålesund skal drivast meir effektivt. No vert all dagkirurgi samla på ein stad.

Sjukehuset i Ålesund skal drivast meir effektivt. No vert all dagkirurgi samla på ein stad.

Sjå TV-reportasjen frå den nye dagkirurgi-avdelinga.

Måndag 3. februar tek sjukehuset i Ålesund i bruk nye lokale for dagkirurgi. Alle dei dagkirurgiske avdelingane vert samla på ein stad, noko klinikksjef Karin Sletten Helgesen trur vil gi meir effektiv drift.

– Vi har samla alt i første etasje, slik at det vert lettare å finne fram for pasientane. Vi har også felles utstyr og felles personale, slik at alt vert enklare for oss, seier Helgesen.

I dei nye lokala skal pasientane møte til operasjon og kunne reise heim same dag.

– Dei vil merke at dei kjem til ei moderne avdeling som er lys og fin og eit personale som er engasjert, seier klinikksjefen.

Den dagkirurgiske avdelinga vil ha plass til generell kirurgi, gynekologi, tann/kjeve kirurgi, ortopedi, og øyre-nase-hals kirurgi.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL