Eit komplisert beinbrot kunne ha kosta alpakkaen Nikoline livet. Men på under to døgn har folk over heile landet samla inn 300 000 kroner til operasjon.
Alpakkaen Nikoline får no nødvendig behandling på Veterinærhøgskolen på Ås, og kan truleg halde fram livet som You Tube-stjerne og Instagram-maskot.
Matmor Aina Moldskred Krakset er rørt til tårer.
– Eg hadde aldri klart dette aleine. Det er heilt utruleg så mykje omsorg folk viser og kor mange som bryr seg, seier ho.
KOMMUNIKASJON: Nikoline og matmor «snakkar saman»heime på garden på Sunnmøre.
– Høyrde eit hyl
Det er mange som kjenner den langbeinte kvite pelsdotten Nikoline frå Sunnmøre. På den populære besøksgarden Hakallegarden har den eitt år gamle morlause alpakkaen smelta hjarta til mange av gjestene.
Men sist helg var det slutt på kosen.
– Vi høyrde berre eit hyl og fann henne liggande ved gjerdet. Vi veit ikkje kva som skjedde, fortel matmor Aina Moldskred Krakset.
Det viste seg at den eitt år gamle alpakkaen Nikoline hadde knekt foten, og at brotet var komplisert. Dermed måtte det ein omfattande og kostbar operasjon til, dersom alpakkaen skulle unngå å bli avliva.
Men eigarane på Hakallegarden hadde ikkje råd til nokon omfattande operasjon.
Då vakna dugnadsånda i Noreg.
STORE SMERTER: Nikoline har fått knekt ein fot og ynkar seg. Det har fått folk til å opne lommebøkene og hjelpe.
Var sikker på at folk ville hjelpe
Maria Helen Tandstad bestemte seg raskt for å prøve å hjelpe. Ho har vore på besøk på Hakallegarden fleire gonger, og var sikker på at det var fleire enn henne som ville opne lommebøkene.
Utan å nøle bad ho eigarane om å få starte ein innsamlingsaksjon for å få inn 200 000 kroner via Spleis. For brotet var komplisert, og det vart raskt klart at eigarane måtte reise frå Sunnmøre til Austlandet for å få gjort operasjonen på veterinærhøgskulen på Ås.
– Dette blir jo veldig dyrt, men du har jo lyst å redde henne for ein kvar pris, seier Maria Helen Tandstad.
Er klar til å samle inn meir
Fredag låg alpakkaen Nikoline på operasjonsbordet i fleire timar og har fått fleire plater skrudd inn i foten. Så langt ser alt fint ut, men det kan bli nødvendig med fleire operasjonar framover.
Initiativtakaren er ikkje framand for å starte ein ny innsamlingsaksjon.
– Sånn eg ser gjevargleda til folk, ser det ut som vi skal klare å dekke inn dersom det blir noko ekstra utover dei pengane som er samla inn, seier Tandstad.
Fredag kveld er Nikoline ferdig-operert og skal no kvile ut. Matmor Aina Moldskred Krakset får kome på besøk ein time dagleg framover, og veit ikkje når Nikoline kan takast med heim til Sunnmøre.
Det er kome inn 300 000 kroner frå over 1200 gjevarar.
Matmor Aina Moldskred Krakset er overvelda over kor mange som vil hjelpe dei.
Foto: privat