NRK Meny
Normal

Samferdsleutvalet sa ja til Nordøyvegen

Det var eit samrøystes samferdsleutval som sa ja til Nordøyvegen måndag. Etter at fylkestinget har behandla saka i desember kan det bli byggjestart i 2018.

Nordøyvegen

Nordøyvegen knyter Harøya, Fjørtofta, Skuløy/Flemsøy, Haramsøya og Lepsøya til fastlandet.

Foto: Nordøyvegen (illustrasjon)

I 2017 blir det sett av 70 millionar kroner til prosjektet. Og det er frå 2018 dei store summane skal brukast. Dette året skal budsjettet innehalde 513 millionar kroner i lån. Og dei tilsvarande tala blir på 670 millionar kroner både i 2019 og i 2020.

Dermed hamnar dei samla låneopptaka opp i over 2 milliardar kroner.

– No er det full gass for å byggje Nordøyvegen. Det er eit fantastisk prosjekt og dette er ein fantastisk dag for Møre og Romsdal, seier fylkespolitikar Frank Sve (Frp).

No skal saka opp i fylkestinget i desember.

Nordøyvegen vil gje fastlandssamband til rundt 2900 menneske og knyter om lag 10 000 innbyggjarar i Haram og Sandøy nærare saman. Vegen skal vere med på å betre konkurranseevna til næringslivet i regionen. Samstundes er målet å gjere Nordøyane til eit meir attraktivt buområde.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.