Hopp til innhold

Samferdselsministeren opnar for dialog om Romsdalsaksen

– Dersom det kjem nye vedtak frå lokale styresmakter, vil eg sjølvsagt gå i dialog rundt det, seier Ketil Solvik-Olsen til NRK.

Ketil Solvik-Olsen

Dersom lokalpolitikarane gir nye signal, opnar samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen for dialog om Romsdalsaksen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ei utgreiing om Romsdalsaksen som alternativ fjordkryssing til Møreaksen, har blitt ei varm politisk potet. Forslaget har sett fyr i debatten rundt den framtidige løysinga for ei ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden.

Ketil Solvik-Olsen på pressekonferanse om Hurtigruten

Ketil Solvik-Olsen viser til at Møreaksen alt har breipolitisk støtte.

Foto: Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren frå Framstegspartiet opnar i ein e-post til NRK altså for at han vil gå i dialog om utgreiing av Romsdalsaksen, dersom fylkespolitikarane gjer eit slikt vedtak.

Men Solvik-Olsen peikar også på at Møreaksen alt har fått brei politisk støtte.

– For nokre år sidan blei det gjennomført ei større utgreiing av ulike vegkonsept, som resulterte i ei avgjerd om å arbeide vidare med Møreaksen. Dette fekk brei støtte lokalt og nasjonalt, og ligg til grunn for arbeidet i Nasjonal transportplan hos Statens vegvesen, svarar Solvik-Olsen.

Det var sist veke at Frank Sve (Frp) bad fylkesutvalet greie ut Romsdalsaksen som alternativ kryssing i samband med ein framtidig ferjefri E39.

Sve meiner han har massiv støtte for kravet om ei utgreiing av Romsdalsaksen frå både innbyggarar, transportnæring og næringslivet frå heile Møre og Romsdal.

Mellom dei som har gått ut og støtta ei nærmare vurdering av dette alternativet, er Lastebileigarforbundet. Dei meiner løysinga med ei indre kryssing av fjorden er best med tanke på drivstofforbruk, slitasje på vegane, materiell og miljø.

Vil ikkje spekulere

Fylkesutvalet behandla ikkje framlegget frå Sve på møtet sist veke, men bestemte å sende saka over til administrasjonen i fylket. I vedtaket ligg eit tydeleg ønskje om at saka blir sendt vidare til samferdselsutvalet, og seinare til behandling i fylkestinget.

Romsdalsaksen

Romsdalsaksen teikna inn med blått. Løysinga går mellom anna frå Hjelvika via Sekken og Skåla og over Fannefjorden til Lønset.

Foto: Illustrasjon over Romsdalsaksen

– Eg held meg til dei politiske vedtaka som har kome frå lokalpolitikarane i Møre og Romsdal, og vil ikkje spekulere i alternative løysingar og nye fleirtal. Dersom det kjem nye vedtak frå lokale styresmakter, så vil eg sjølvsagt gå i dialog rundt det, heiter det i svaret frå Solvik-Olsen.

I tillegg til Framstegspartiet støtta Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre framlegget frå Sve. Dersom dei politiske partia støttar framlegget vidare, kan det vere politisk fleirtal i fylkestinget for ei utgreiing av Romsdalsaksen som alternativ til Møreaksen på nye E39.

Vekker reaksjonar

Møreaksen som traséval for fjordkryssinga, blei gjort i 2014. Mellom dei som har reagert kraftig på utspelet til Frank Sve, er Molde-ordførar Torgeir Dahl.

Torgeir Dahl (H)

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl frå Høgre, er svært kritisk til framlegget om å greie ut Romsdalsaksen som alternativ for Møreaksen.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Dette er omkamp, sa Dahl til NRK like etter at saka kom på bordet, og viste til at fylkestinget i mange år har arbeidd for Møreaksen som løysing.

Dahl er uroa over følgjene ein ny omgang med debatt vil få, og åtvara mot å øydelegge for eit nær 20 års arbeid for Møreaksen i fylkestinget.

Heller ikkje NHO i Møre og Romsdal er begeistra for utspelet.

– Det som er viktig for oss, er at Møreaksen går som planlagt, og at ein ikkje forstyrrar utviklinga der. Regjeringa har fleire gongar slått fast at Møreaksen er alternativet som er valt, sa Torill Ytreberg til NRK.

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg i NHO held fast på at Møreaksen er beste alternativet for kryssinga av Romsdalsfjorden.

Foto: Trond Vestre / NRK

Frank Sve har presisert at ein føresetnad for eit utgreiing, må vere at ferjefri E39 over Romsdalsfjorden framleis står på sin vedtekne prioritet i gjeldande NTP.

– Prosjektet kring Møreaksen må ikkje bli sett på unødvendig vent. Møreaksen er uansett inne i dagens NTP i siste del av 12-årsperioden, og ein har såleis tid til ei slik tilleggsutgreiing, har han tidlegare uttalt til NRK.

Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen

Statsråd Ketil Solvik-Olsen og Frank Sve er partifellar som har samferdsel i fokus. Her saman med Halgeir Brudeset i vegvesenet på ei synfaring av E136 gjennom Romsdalen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sve meiner også at ei utgreiing av Romsdalsaksen bør gjennomførast av eit anna regiondistrikt i Statens vegvesen enn Region Midt.