Hopp til innhold

«Havila Capella» avlyser igjen: – Ingen god situasjon

Havila Kystruten sitt skip har vore sanksjonsfast i Bergen sidan 12. april. Samferdselsministeren vil ikkje svare på korleis dette påverkar avtalen om å segle langs kysten.

Havila Capella ligger fortøyd til kaien på Bontelabo.

Havila Kystruten hadde på nytt håpa å kunne legge frå kai i Bergen 4. mai. No er også denne rundturen til Kirkenes avlyst.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

For tre veker sidan vart den første turen til Kirkenes avlyst.

Skipet som skulle vere Hurtigruten sin nye konkurrent langs norskekysten, vart fast i Bergen.

Ny rundtur avlyst

Først måtte «Havila Capella» stå over turen 12. april. Dei håpa å få alt på plass til neste, som var planlagt 23. april. Heller ikkje denne vart noko av.

I dag sa reiarlaget at dei også avlyser seglasen som skulle gå frå Bergen 4. mai.

– Vi ventar på tilbakemelding frå Utanriksdepartementet på det som gjeld løysingane vi arbeider med, seier administrerande direktør i Havila Kystruten, Bent Martini.

Havila Capella, passasjerer i Bergen. Havila Kystruten

Passasjerane var allereie om bord då den første turen med «Havila Capella» vart kansellert. Dei måtte gå på land i Bergen igjen.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Manglar forsikring

Løysingane dei arbeider med, er blant anna å få på plass ei forsikring. «Havila Capella» har fått dispensasjon frå Utanriksdepartementet, slik at dei skal kunne drive skipet i seks månader.

Men viss noko skulle skje på turen kan forsikringsselskapet måtte betale pengar til det russiske eigarselskapet. Det seier UD nei til, kjem det fram i eit hemmeleg brev frå UD til Havila Kystruten.

No jobbar Havila Kystruten med å skaffe dispensasjon frå sanksjonane også for forsikringsselskapet.

Uheldig for kystbefolkninga

Kystruten skal drifte seglasane langs kysten på bestilling frå Samferdselsdepartementet. Måndag var samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på besøk på Havila sitt hovudkontor i Fosnavåg.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård tør ikkje å spå kor lang tid det vil ta før problema til Havila Kystruten er løyste.

Foto: Henrik Jonassen, SD

Han vil ikkje svare på om departementet framleis vil betale for tenesta til Kystruten, sjølv om den ikkje blir levert.

Det er sjølvsagt ei utfordring, men samtidig har det vore gode forklaringar for kvifor det ikkje har kunna skje. Vi har dei siste to åra vore utfordra av ein pandemi, og då har det ikkje vore tilsvarande stort behov for å ha fleire skip på denne ruta. Og så er det no ein ny situasjon som har oppstått for Havila med GTLK og sanksjonar.

Nygård seier det er uheldig for kystbefolkninga at ein ikkje har den drifta på kystrutene som ein skal. Men han overlèt til UD å avgjere saka.

Forseinka levering

Det å få dei fire kystruteskipa i rute har ikkje gått heilt etter planen tidlegare heller. I utgangspunktet skulle fire skip vere klare 1. januar 2021. Til no er det berre eitt som har kome til Noreg.

Bygginga av skipa har vore utsett på grunn av pandemi, og konkurs på verft.

Skip nummer to, «Havila Castor», er no omsider på veg i retning Noreg, og har måndag passert Spania.