Hopp til innhold

Samferdselsdepartementet: Limousinar i Ålesund bryt lova

Fylkeskommunen krev at dei to partylimousinane stansar umiddelbart fordi dei manglar konsesjon. No får dei medhald frå Samferdselsdepartementet.

P&P Entertainment

Dette er første limousinen som P & P Entertainment tok i bruk i Ålesund. Seinare har dei utvida med ein kvit bil i tillegg. Biletet er henta frå nettsida til selskapet.

Foto: Bilete frå nettside / P&P Entertainment

Selskapet P & P Entertainment har ein rosa og ein kvit limousine, som vert brukt til jubilantar, utdrikkingslag, brudepar og andre som er i feststemning. Dei to drivarane har ikkje løyve til å drive persontransport etter yrkestransportlova. Sjølve meiner dei at dei ikkje treng dette løyvet, sidan dei er eit underhaldningsfirma som har show i bilen. Fylkeskommunen er usamd og krev at dei stansar verksemda. No får fylkeskommunen medhald frå Samferdselsdepartementet.

«Sjølv om det blir marknadsført/ tilbode pakkar med ulikt
innhald mot betaling, som og inkluderer persontransport med motorvogn, gjeld like fullt krav
om løyve. Det er ikkje avgjerande om transporten skjer som ein rundtur, eller frå ein plass til
ein annan.»
, står det i brevet frå Samferdselsdepartementet.

For å få eit slikt løyve må søkjaren oppfylle krav til god vandel, økonomi og fagleg kompetanse.

Har politimeld selskapet

Norges Taxiforbund har meldt selskapet til politiet.

– Selskapet bryt lova. Så lenge dei har med passasjerar og tek imot betaling så er dette persontransport som krev løyve. Skal det vere likskap for lova må denne verksemda opphøyre, sa leiar i Norges Taxiforbund avdeling Møre og Romsdal, Per-Morten Bjørlykke til NRK førre veke.

Står på sitt

P & P Entertainment er ei forkorting for det fulle namnet som er Pompel og Pilt Entertainment, der Frank Eiksund er Pompel og driftsleiar Bernhard Myrstad er Pilt. Eiksund held fast på at selskapet ikkje treng løyve, trass i brevet frå Samferdselsdepartementet.

– Vi driv ikkje ulovleg, vi driv berre show. Vi treng ikkje løyve, meiner Eiksund.

Fryktar de at de må slutte etter konklusjonen til Samferdselsdepartementet?

– Nei. Vi tar dette med knusande ro. Vi køyrer showa vidare, seier Eiksund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL