Hopp til innhold

Rømde frå fengsel to gonger på to månader

Fengselsfuglen prøvde først i februar. To månader seinare sette han inn støyten igjen. – Open soning er ikkje bygd for å sperre inne fangane, seier Kriminalomsorgen.

Hustad fengsel i Fræna

Hustad fengsel ligg i Fræna kommune og er ei eining med høg og lågare sikkerheit. Fengselet vart tatt i bruk 1. januar 2005 og har ordinær kapasitet på 52 plassar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Leif Waage

Leif Waage, assisterande direktør for region vest i Kriminalomsorgen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK / NRK

– Vi har for få vakter og alt for små budsjett til å halde ved like sikkerheit og helse

Leif Waage, Kriminalomsorgen

Ein fange rømde frå Hustad fengsel i Romsdal denne helga. Og det var ikkje første gongen fangen tok seg ein luftetur. Førre gong var i februar, og begge gongane blei han funnen etter få timar.

Stiller store krav om tillit

Fangen var på open soning då han stakk av. Ifølgje Kriminalomsorgen var det 63 tilfelle i 2013 der fangar prøvde å stikke av frå open soning i Noreg.

Slike fengsel er ikkje bygd for å halde fangen sperra inne med høge murar og låste vindauge, men for at vaktene og fangane skal stole på kvarandre. Assisterande regiondirektør, Leif Waage, i Kriminalomsorgen seier at dei må gå gjennom rutinane.

– Det er veldig spesielt at den same fangen har lukkast i å stikke av frå open avdeling to gonger, seier Waage.

Han fortel at det vert stilt eit krav om stor tillit til dei som får sjansen til open soning. Det vert òg gjort vurderingar om det er trygt at fangen blir sjeldnare kontrollert. Under open soning har fangen meir fridom enn viss avdelinga er lukka.

– Betyr det opne dører og ingen vakter?

– Vi har stengde dører, men dørene inn til cellene er ikkje nødvendigvis låste. Vindauga her på Hustad fengsel er òg opne. Dette skaper tillit i dei fleste tilfelle, men denne gongen har fangen brote tilliten. Det aksepterer vi ikkje, seier Waage.

Den innsette er no tilbake på lukka avdeling – og får eit lengre opphald på Hustad. I fjor lukkast ni fangar med å rømme frå lukka anstalt i Noreg, medan seks personar prøvde å stikke av.

Open soning positivt for fangen

Dei seinare åra har det vore eit politisk ønskje å få fleire på open soning fordi det kan vere positivt for rehabiliteringa av fangane, slik at det blir lettare å få dei tilbake i samfunnet etter soning.

Når dei fleste tenkjer på fengsel ser dei for seg låste dører, gitter og høge gjerde. Når du kan stikke av berre ved å opne ei dør eller eit vindauge, sjølv om det er frå open avdeling, så er det grunn til å spørje om sikringstiltaka i Hustad fengsel er gode nok.

Kriminalomsorgen, fengselsbetjentar og tillitsvalde i fengselsregionen og ved Hustad fengsel har varsla om alt for lav bemanning.

– Vi har for få vakter og alt for små budsjett til å halde ved like sikkerheit og helse, seier Waage.

Ingen rømmingar i 2013

Det er knappe to månader sidan fangen forsøkte å rømme sist. No skjedde det igjen. Kort tid etter sitt første forsøk fekk fangen fornya tillit.

– Eg syns at det har gått alt for kort tid mellom rømmingsforsøka. No må vi gå gjennom rutinane våre slik at vi er sikre på kven som bør få sjansen til open soning og ikkje, seier Waage.

I fjor var det ingen som klarte å rømme verken frå lukka eller open avdeling på Hustad fengsel. Waage seier at det er sjeldan at fangar prøver å rømme, men han meiner at dei likevel treng større bemanning. Det finst det ikkje pengar til.

– Det skal mykje til for å kalle bemanninga uforsvarleg. Men våre tilsette har mykje kontakt med dei innsette, og det gjer oss tryggare.

Hustad fengsel

Kriminalomsorgen i region vest har varsla om lav bemanning, men økonomien strekk ikkje til.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK