Hopp til innhold

Samde om tiltak

Politikarane i Aure er langt på veg samde om kva grep dei vil gjere i budsjettet for å få kontroll, seier ordførar Ingunn Golmen frå Senterpartiet: Kommunen får eit stort inntektstap og må gjere store kutt fordi regjeringa legg om eigedomsskatten på verk og bruk. Etter formannskapsmøtet er det klart at to skuler blir lagde ned medan ein blir freda, og Aure kjem til å innføre skatt på all næringseigedom for å kompensere for inntektstapet.

Skjær.
Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX