Hopp til innhold

Samde om fengsel og soningssenter

Sunnmøre Regionråd og Romsdal Regionråd står samla om Hustad fengsel og Sunnmøre soningssenter. Etter eit møte med Kriminalomsorgen Vest seier styreleiar Torgeir Dahl i Romsdal Regionråd at soningsforholda ved Ålesund fengsel er uverdige. Sunnmøre regionråd krev fortgang i arbeidet med eit nytt soningssenteret på Digerneset i Skodje, men understrekar at dei ikkje ønsker at det blir så stort at Hustad fengsel kjem i fare.

Hustad fengsel
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK