Hopp til innhold

Sambuarar og gifte er meir lykkelege enn single

Dei som soleklart er mest fornøgd med livet er dei som har sambuar eller er gift, utan barn. Det viser ein ny statistikk.

Samboerparet Stefan Westre og Nomine Gualvez på en benk ved Brosundet i Ålesund.

MEIR LYKKELEG: Nomine Gualvez og Stefan Westre kjenner seg igjen i undersøkinga frå SSB. Dei er meir lykkelege som sambuarar, enn da dei var single.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

– Eg er meir lykkeleg no i eit forhold, enn det eg var da eg var singel, seier Nomine Gualvez og smiler mot sambuaren.

Ei ny undersøking av Statistisk sentralbyrå viser nettopp at dei som er sambuarar eller gift er meir fornøgd med livet enn de som er einslege.

– Kjedeleg

Ifølgje undersøkinga er altså Gualvez og Westre blant dei lykkelegaste i Noreg. Dei har ikkje barn, men er sambuarar. Og dei set begge stor pris på å vere saman.

– Å vere singel er så kjedeleg, seier Gualvez. Det støttar også sambuaren hennar, Stefan Westre.

– For min del, som jobbar på eit skip, var det veldig kjedeleg då eg var singel. Eg kom heim frå sjøen, og eg drog på sjøen igjen. Men no, når eg er i eit forhold, har eg nokon å komme heim til igjen, seier Stefan Westre.

Stefan Westre og Nomine Gualvez

Stefan Westre og Nomine Gualvez er samstemde på at å vere singel er kjedeleg.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Dei som går under kategorien «einslege, utan kjæraste» er både dei som bur aleine, men også som bur saman med andre som ikkje er partnaren deira, for eksempel i kollektiv.

Ein ser likevel forskjell på den gruppa og «einslege, med kjæraste», altså dei som bur åleine eller i kollektiv, men er i eit forhold. Dei i eit forhold er meir lykkelege.

Lev godt utan partnar

Maria Holand Tøsse frå Sunnmøre har sjølv skrive det ho omtalar som ei sjølvhjelpsbok om å vere lykkeleg åleine. Etter at ho blei skild kjente ho også på mindre livsglede.

– Det første året følte eg at verda raste litt saman. Det eg følte om å vere singel, var mykje tyngre enn det å vere to om alt.

Maria Holand Tøsse
Foto: Privat

Men no føler Holand Tøsse at ho lever livets glade dagar, sjølv om ho har vore singel i mange år.

– Er du i et godt forhold med deg sjølv, trur eg du har det veldig bra som singel. Er du i et dårleg forhold til deg sjølv, har du det dårleg som singel. Er ein i et godt forhold generelt, er det det som skal til for ei god helse. Ikkje berre om ein har ein person der.

– Ikkje overraskande funn

Professor i sosialmedisin ved NTNU, Steinar Krokstad, seier at funna i undersøkinga ikkje er overraskande.

– Det å ha relasjonar og vere saman med nokon, det er nokre av dei viktigaste årsakene til god psykisk helse og livskvalitet.

Steinar Krokstad, HUNT

Steinar Krokstad, professor ved NTNU.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Han trur dei fleste synest det er viktig å bu saman med nokon, og at usedvanleg få synest det er optimalt å bu åleine.

– Desse funna her understrekar kor viktig det er å ha nære og gode relasjonar. Dei understrekar den viktige betydninga det er å jobbe med sosiale arenaer, og hjelpe folk å skape sosiale nettverk, seier Krokstad.

– Maten smakar betre når ein er to

Blant einslege utan barn eller kjærast er det fire av ti som oppgir å vere lite tilfreds med livet. Resten har middels eller høg tilfredsheit med livet.

Kanskje var Westre også der før, men med sambuar er han svært tilfreds med livet.

– Det er så kjedeleg å lage mat for seg sjølv. Då eg budde åleine var det så kjedeleg, men no er ein to – og det er kjekkare. Maten smakar betre når ein er to, seier Westre og ler.