Hopp til innhold

Samarbeider om sjukeheimstilbod

Bystyret i Ålesund sa torsdag kveld ja til å samarbeide med Helse Sunnmøre om å etablere ei intermediær avdeling med inntil 10 kommunale sjukeheimsplassar.

Fra Prestegårdstunet sykehjem i Kjøpsvik

(Illustrasjon)

Foto: Harrieth Aira / NRK

Eit slikt prosjekt vil avlaste Helse Sunnmøre, men helse- og velferdskomiteen i Ålesund har tidlegare sagt nei til samarbeidet.

Torsdag snudde bystyret etter forslaget frå Svein Rune Johannessen frå Arbeidarpartiet.

- Eg trur det er veldig viktig for Ålesund totalt sett. For det vil medvirke til at plassar som i dag helseforetaket i dag tærar på gjennom korttidsplassar, det vil no kunne opphøre og kome innbyggarane i kommunen til del.

Pengar og lokale

Pasientar som ikkje er sjuke nok til å bli på sjukehuset, er ikkje alltid friske nok til å bu heime eller på sjukeheim. Desse kan få plass på ei intermediær avdeling.

Johannessen meiner kommunen har råd og trur det vil vere muleg å finne lokale.

- Det har vore jobba knallhardt med denne saka, så eg trur at vi klarer å få på plass dette tilbodet i år.

Fallitterklæring å seie nei

Stig Hofseth frå Framstegspartiet meiner det ville vere ei fallitterklæring å vende tommelen ned til eit slik tilbod.

- Det ville det vere. Særleg for pasientane. Dette gjeld eldre pasientar primært. No har vi sjansen til å gi dei eit mykje betre tilbod, seier Hofseth.

- Det hastar med å få dette på plass. Dess fortare, dess betre.

- Vi har ikkje råd til å seie nei, seier Johannessen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL