Hopp til innhold

– Samarbeid mellom fagmiljøa blir viktig

Nyheita om at helsedirektøren vil ha dagkirurgi både på Hjelset og i Kristiansund blei tatt godt imot både på Nordmøre og i Romsdal.

Hans Christian Ofstad

Assisterande klinikksjef Hans Christian Ofstad, trur samarbeid mellom dei to fagmiljøa i Kristiansund og Molde blir viktig i arbeidet med det nye helsetilbodet i dei to regionane.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tysdag blei det kjent administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, går inn for å etablere eit distriktsmedisinsk senter med dagkirurgi i noverande Kristiansund sjukehus.

Må jobbe saman

Og sjølv om det blåste friskt i Kristiansund i dag, har stormen stilna litt i kampen om nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Kommunane på Nordmøre har hatt eit ønskje om at det tretti år gamle sjukehuset i Kristiansund skal få eit nytt liv som distriktsmedisinsk senter. Men fagmiljøet i Kristiansund gler seg no over at direktøren kjem Nordmøre i møte ved å behalde dagkirurgi, dagkirurgi i ortopedi og gynekologi ved sjukehuset.

Espen Remme

Administrerande direktør Espen Remme la tysdag fram dei konkrete planane for det nye sjukehuset på Hjelset i Molde og for distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi er avhengig av at dei to fagmiljøa er med for å kunne lage eit godt tilbod for pasientane både på Nordmøre og i Romsdal i framtida, seier Hans Christian Ofstad, assisterande klinikksjef ved kirurgien på Kristiansund sjukehus.

Han meiner at eit samarbeid mellom fagmiljøa ved dei to sjukehusa blir viktig.

– Eit slikt samarbeid vil styrke miljøet i møte med dei utfordringane som kjem når ein skal etablere og utvikle det nye helsetilbodet i Kristiansund og Molde.

– Det blir òg viktig for å sikre eit framtidsretta tilbod for pasientane, seier Ofstad.

– Forsøk på blidgjering

Direktøren i helse Møre og Romsdal vil bygge robuste fagmiljø, men romsdalskommunane har tidlegare åtvara mot å splitte kirurgien på to stadar og har tidlegare uttrykt eit ønskje om å samle alt på Hjelset. Men kompromisset som blei offentleggjort i dag er truleg akseptabelt både i Romsdal og på Nordmøre.

Torgeir Dahl

Moldeordførar Torgeir Dahl trur forslaget frå helsedirektøren

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg trur det er eit forsøk på å foreine kompetansemiljøa i Kristiansund og Molde. Og for at dette skal fungere så er desse miljøa nøydd til å samarbeide godt, seier Torgeir Dahl, ordførar i Molde (H).

Han trur også at forslaget for Remme kan vere eit forsøk på å redusere sjukehusstriden.

– Og det er kanskje også eit forsøk på å blidgjere støttegruppene rundt sjukehusa i Molde og Kristiansund, seier Dahl.

Akuttsykehuset ved Hjelset.