Illustrasjon av hvordan det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution i Romsdal skal se ut når det er ferdig utbyggd.
Foto: Salmon Evolution / Moldskred

Salmon Evolution

  • Kontrakt til MMC First Process

    MMC First Process i Fosnavåg er valgt som leverandør av system for intern flytting av levende fisk til Salmon Evolution sin utbygging på Indre Harøy i Hustadvika kommune. Kontrakten er inngått med Artec Aqua i Ålesund som er totalentreprenør for utbyggingen. Petter Leon Fauske i MMC First Process, er glad for kontrakten. Fauske sier at selskapets strategiske satsing mot det landbaserte oppdrettsmarkedet nå gir resultater.

    Næringstomt Salmon Evolution
    Foto: Vasco Pinhol
  • 180 tonn utstyr til oppdrettsgigant

    Salmon Evolution har skrive kontrakt med Nordic Steel i samband med bygginga av eit av Europas største oppdrettsanlegg på land. Bryne-selskapet skal produsere 180 tonn med utstyr til første byggetrinn til anlegget, som Salmon bygg på Indre Harøy i Hustadvika. Nordic Steel skal i samarbeid med Artec Aqua bygge eit system som fjernar CO2 og nitrogen frå vatnet.

    Frå anleggsområdet på Indre Harøya
    Foto: Artec Aqua
  • Salmon Evolution på Oslo Børs

    Det landbaserte lakseoppdrettsselskapet Salmon Evolution blei i dag tatt opp til handel på Merkur Market. Styreleiar Tore Tønseth seier ei børsnotering er heilt avgjerande for eit vekstselskap. Selskapet i Fræna i Hustadvika har sitt første produksjonsanlegg under bygging på Indre Harøy, og skal kunne produsere ni tusen tonn fisk per år. Ferdig utbygd skal anlegget ha ein kapasitet på 36 000 tonn.

    Salmon Evolution på Oslo Børs
    Foto: Salmonevolution
  • – Prosjektet vil få ringverknadar

    Det nye samarbeidet med Dongwon Industries vil kunne få betydning for heile regionen. Det trur Håkon André Berg, administrerande direktør i Salmon Evolution. Den koreanske sjømatbedrifta har investert 50 millionar kroner i selskapet som held på å bygge det som skal bli Europa sitt største oppdrettsanlegg på land i Hustadvika kommune. – Det å få med ein så stor partnar er med på å trygge prosjektet. Det fører til ringverknadar i form av arbeidsplassar for binæringar og underleverandørar som skal levere til oss. Dermed trur vi at det gir betydelege ringverknadar for kommunen og regionen, seier han.

    Håkon Andrè Berg er ny administrerande direktør i Salmon Evolution i Molde.
    Foto: Doxacom
  • Investerer millionar i Salmon

    Salmon Evolution har inngått ein investeringsavtale med den koreanske sjømatbedrifta Dongwon Industries. Dei vil investere 50 millionar kroner for ein minoritetsandel i Salmon Evolution. Det skriv selskapet i ei pressemelding. Oppdrettsselskapet Salmon er i gang med bygginga av det som skal bli Europa sitt største oppdrettsanlegg på land i Hustadvika kommune. No planlegg dei to aktørane også å etter kvart bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i Sør-Korea. – Dette er ei veldig spennande moglegheit for oss. Samarbeid med ein global aktør som Dongwon Industries vil gi oss gode kommersielle moglegheiter, i tillegg til solid industriell støtte for å skalere konseptet vårt i nye marknadar, seier administrerande direktør Håkon André Berg i Salmon Evolution.

    Administrerende direktør i Salmon Evolution, Håkon André Berg.
    Foto: Salmon Evolution

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL