Hopp til innhold

Saksøker barnevernet og Ørsta kommune

Ein far på Sunnmøre har saksøkt Ørsta kommune og barnevernstenesta med krav om 1,5 millionar kroner i oppreisingserstatning. Det skriv Sunnmørsposten. Bakgrunnen for saka er at barnevernet på eit tidspunkt overtok omsorg for mannen sine barn. Faren meiner Ørsta kommune si barnevernsteneste ikkje har overhalde plikta til aktivt å legge til rette for tilbakeføring av barna.

Kommunen avviser søksmålet og krev frifinning.