Hopp til innhold

Saknar mennene på kvinnekonferanse

På kvinnedagen, 8. mars, vart den sjette utgåva av «Damene Først» arrangert i Ålesund. Konferansen skal inspirere kvinner i næringslivet. Enkelte sakna mennene.

Damene Først konferanse på Terminalen

Yvonne Fosser frå Innovasjon Norge snakka om selvledelse og korleis ein kan få det beste ut av arbeidslivet. Ho har vorte omtalt som Noreg sin mest synlege HR-sjef.

Foto: Victoria Røren / NRK

– Det er litt rart at det ikkje er menn her også. Eg liker tanken på at det er damene først, med kvinnelege foredragsholdere og som gjennomgåande tema. Men eg tenkjer også at menn kan ha godt av å høyre det som blir sagt her.

Det seier Birgitte Linde Relling som er gründer av Rom & Tonik. Ho har delteke på konferansen fleire gongar tidlegare, og har gode erfaringar.

– Eg synest det er veldig kjekt å kome tilbake fordi det er ein inspirerande plass for meg å vere. Eg føler eg får knyte nye kontaktar, skape gode relasjonar og ha gode samtalar med andre kvinner i næringslivet, seier Relling.

Fagleg påfyll og inspirasjon for begge kjønn

Tone Molnes, er entreprenør innan fotografi. Ho er på konferansen for å få faglege innspel og inspirasjon til å drive ei god bedrift.

– Eg håper å få betre kunnskap om korleis eg skal drive bedrifta mi på ein god måte, seier ho.

Tone Molnes

Tone Molnes er frilansfotograf og driv eige føretak på fulltid.

Foto: Victoria Røren / NRK

Molnes driv som frilansfotograf på full tid. Ho fortel at det er tøft å starte opp på eiga hand og ser på konferansen som ein fin måte å skaffe seg eit større nettverk på. Ho trur det er viktig for begge kjønn med faglege påfyll.

– Eg tenker det er nødvending med slike konferansar. Vi må ha meir av det, ikkje berre for kvinnene, men for begge kjønn. Det er uansett vanskeleg å starte bedrift og bygge godt entreprenørskap, seier Molnes.

Ein arena for kvinner

Sjølv om nokon av deltakarane på konferansen gladleg inviterer mennene med, er konferansen i dag berre for kvinner.

– Kvinner er ikkje like flinke som menn til å bygge næringslivsretta nettverk. Vi ser at desse konferansane har vore ein nyttig arena for relasjonsbygging for kvinner, seier markedsannsvarleg Laila Gjerdsbakk.

Målet med konferansen er å skape ein arena for fagleg påfyll, kompetansedeling og nettverksbygging for kvinner.

– Det er nok ikkje tilfeldig at det er akkurat på kvinnedagen, legg Gjerdsbakk til avslutningsvis.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL