NRK Meny
Normal

Fann gull under skattejakt

Saknar du ein gullring? Då kan desse gutane ha funne den.

ring

SKATTEJAKT: Heine Molnes og Jonas Kvamme fann ein dyrebar skatt då dei var på skattejakt tidlegare i sommar.

Foto: Privat

– Metalldetektoren byrja å pipe, så då starta vi å grave. Og eit stykke ned i bakken, under ein stein fann vi den, seier Heine Molnes.

Det var ein fin sommardag i starten av juni at Heine og kompisen Jonas Kvamme frå Ålesund bestemte seg for å ta turen ned til Volsdalsberga for å leite etter skattar. Det tok ikkje lang tid før dei to gutane oppdaga noko heilt spesielt

– Jonas tok den med bort til sjøen og fekk vaska av den. Då såg vi at det var ein ring, seier Heine.

Suksessfull skattejakt

Metalldetektoren hadde Heine fått av besteforeldra til bursdagen, og dei to gutane var dermed klare for skattejakt.

Detektor

SØKJER: Heine brukte metalldetektoren som han fekk til bursdagen sin til å leite etter skattar på Volsdalsberga.

Foto: Siw-Iren Solberg Tomren / PRIVAT

Heine interesserer seg for myntar frå krigen, og har tidlegare leita etter slike myntar i bunkerar og liknande.

Det var også dette dei to gutane i tiårs alderen var på jakt etter denne dagen. I staden fann dei ein større skatt enn dei kunne tenke seg.

– Fyrst tenkte eg, oj, kva er dette? Når vi såg at det var ein ring synest vi det var veldig stilig, seier ein engasjert Heine.

Dei to gutane såg at dei hadde funne noko av verdi. Spente og glade ringde dei mora til Heine for å fortelje kva dei hadde funne.

– Dei ringde og sa eg måtte kome med ein gong, dei hadde nemleg funne ein skatt. Ein skikkeleg skatt, fortel Siw-Iren Tomren.

Verdifull ring

Tomren sette seg i bilen for å hente dei to gutane, men innrømmer at ho ikkje hadde dei største håpet til skatten.

– Dei fortalde at dei hadde funne ein ring, men eg tenkte at det kanskje ikkje var snakk om store greiene, seier ho.

Vel framme på Volsdalsberga stod to spente gutar å trippa. Dei hadde det svært travelt med å vise fram skatten sin.

– Ikkje berre var det ein ring. Det var ein gullring, fortel Tomren.

Ho såg raskt at det var ein ring av verdi og dei tre bestemte seg for å levere inn ringen til ein lokal gullsmed i håp om å få vite meir om ringen.

– Gutane hadde sjølvsagt litt lyst å behalde den, men vi såg alle at dette var ein ring som hadde verdi. Om ikkje materiell verdi så hadde den nok personleg verdi, seier ho.

Fem siffera tal

Vekene gjekk og sommarferien gjorde sitt inntog. Ringen gjekk i gløymeboka, men så plutseleg ringde telefonen.

Helge Mjelva

VERDIFULL: Gullsmed Helge Mjelva meiner ringen er verdifull.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Gullsmeden ringde og fortalde at ringen var meir verdifull enn vi hadde trudd. Eg blei svært overraska, seier Tomren.

Det var gullsmed Helge Mjelva i den andre enden av telefonen. Det var han som hadde fått i oppdrag å undersøke den mystiske ringen. Mjelva som har mykje erfaring med taksering av ringar oppdaga raskt at ringen hadde høg verdi.

– Nei, det tok ikkje lang tid. Det er snakk om eit femsifra beløp, fortel gullsmeden.

Vidare fortel han at ringen i kvitt gull er i god stand, til trass for at den kan ha lege i bakken ei stund. Kor lenge ringen har låge der er vanskeleg å seie.

– Akkurat denne ringmodellen var i produksjon allereie på seksti talet, fortel Mjelva.

Om ringen vart mista for seksti år sidan, eller nokre månader sidan er vanskeleg å vite, men Mjelva fortel vidare at denne ringtypen gjekk ut av produksjon på slutten av 80-talet og må difor vere ein eldre ring.

Søkjer eigaren

Ringen blei funnet ganske høgt oppe på Volsdalsberga, i eit område ovanfor vassgrensa. No håpar alle at dei skal greie å finne ringens ekte eigar.

– Det hadde vore fantastisk dersom vi kunne finne eigaren. Ringen har karakteristikkar som gjer den lett å identifisere dersom rette person skulle dukke opp, seier Mjelva.

Tomren er samd.

– Det hadde vore utruleg kjekt om vi kunne finne personen som eig denne ringen, Dei må jo sakne den, seier ho.

Og for gutane har oppdaginga gitt meirsmak.

– Det var utruleg gøy. Eg skal snart ut å leite etter nye skatta, seier Heine.

Han er derimot usikker på om han vil finne ein like verdifull skatt igjen.

– Det trur eg nok ikkje, men eg vil i alle fall prøve, fortel han.

Så dersom du saknar ein ring, og det er ei moglegheit for at du har mista den nettopp i dette området. Eller om ringen rett og slett høyrast kjent ut, ta kontakt med oss i NRK og så vil vi hjelpe deg.