Hopp til innhold

Jaktar på glupsk ulv

Bonde Lars Fransplass på Brøste i Rauma fann ni døde lam. Han saknar 16 sauer til og fryktar at ulven har teke dei. Ein ulv er skoten på Lesja, og no vert det jakta på den andre.

Lam drept av ulv.

Fleire lam har blitt drept av ulv i det siste i Lesja og i Rauma.

Foto: Martin Vorkinn

Jakta held fram etter ulv som kan ha skada og drepe mange sau og lam i Brøstdalen og over i Lesja. Natt til søndag vart det skoten ein hannulv.

– Det er forferdeleg å finne att lamma sine på denne måten, seier bonde Lars Fransplass.

Leita i fleire dagar

Bonden har sauene sine på utmarksbeite i Brøstdalen og oppdaga at 25 av dei 180 dyra mangla. Etter fleire dagars leiting, fann kadaverhundar ni av lamma. Først trudde Fransplass at det var ein hund som sto bak, men etter at kadavera vart undersøkt nærare, er dei overtydde om at det er ulven som har gjort det.

– Det vart observert ulv i Lesja i mai, så eg synest det er rart at styresmaktene ikkje gjorde noko då, seier Fransplass.

Jaktar på ulven

Ulv felt i Lesja

Ein av ulvane på Lesja vart felt natt til søndag.

Foto: Esben Bø / SNO

Det vart søkt om fellingsløyve i mai, men Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning sa nei.

Fellingsløyvet kom no frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og gjeld fram til 1. juli.

LES OGSÅ:

Nærgåande

Inger Johanne Tafjord er leiar i Møre og Romsdal sau og geit og ho likar ikkje at det er ulv i beiteområda i Rauma. Det skal ikkje vere ulv i dette området og Tafjord er redd for at dyra no etablerer seg her.

– Ulven byrjar å bli nærgåande og gjer innhogg i saueflokkane, seier Tafjord. Det har også nyleg vore observert ulv i Rindal på Nordmøre.

34 mann jaktar no ulven

å Lesja er no 34 mann i sving med å jakte på den siste ulven i området.

Tore Heimli er på fellingslaget som tok den fyrste ulven. Hør korleis dei fann den her:

Intervjuar er Bibbi Susanne Kjølås.