Hopp til innhold

Sakna somalisk kvinne kom til rette

Den somaliske kvinna som blei meldt sakna i Molde er komen til rette i Sverige. Det opplyser politiet. Den 18 år gamle kvinna var høggravid då ho forsvann, men både ho og barnet skal vere i god behald.

Politi

Politiet har søkt etter kvinna i Sverige.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Ove Brudevoll

Ove Brudevoll seier dei har hatt god hjelp frå publikum i saka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kvinna blei meldt sakna av familien og helsevesenet 5. desember, men hadde då vore borte i omlag ei veke. Ho kom til Norge for tre månader sidan.

– Vi er veldig glad for at ho er funne, det seier politiinspektør Ove Brudevoll ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Fordi ho var høggravid då ho forsvann, frykta politiet for helsetilstanden både til kvinna og barnet. Dei gjekk difor ut med ei etterlysning. No er dei begge altså funne i god behald i Sverige.

– Vi veit førebels ikkje kvifor ho har reist til Sverige, seier Brudevoll.

Funnen etter tips frå publikum

Det var tips frå publikum som gjorde at politiet i Nordmøre og Romsdal tok kontakt med svensk politi som fann kvinna.

– Via politiet i Sverige har vi fått vite at ho har kome dit og at ho har meldt seg for utlendingsstyresmaktene der. Stort meir enn det veit vi ikkje, seier Brudevoll.

Han seier dei no held fram med å undersøke vidare omstenda rundt at kvinna reiste til Sverige.

– Veit de kvifor det tok så lang tid før ho blei meldt sakna?

– Nei, det veit vi førebels ikkje, seier Brudevoll.